Hopp til innhold

Mobiliserer for alarmsentralen

Ordførarane i Sogn og Fjordane mobiliserer til kamp for alarmsentralen i fylket.

Politikarane i Sogn og Fjordane manar no til kamp for å behalda alarmsentralen i fylket. Sentralen tek mot meldingar om brann, innbrot og frå tryggleiksalarmar. 
Politikarane trur ikkje folk får hjelp i tide om telefonvakta sit i Bergen.

SJÅ TV-SAK: Ordførarar samlar krefter for alarmsentralen i Florø.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap ynskjer å leggje alarmsentralen i Florø under Bergen.

DSB vil redusere dagens 20 alarmsentralar til 11. Ordførar i Vågsøy, Morten Hagen (H), meiner det er eit dårleg framlegg.

– Dersom vedtaket blir ståande som no, så vil det nok bli ein klage frå kommunane og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane, seier han.

– Tek vare på lokalkunnskap

Ordførarane var tysdag samla i møte med DSB og avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen på Skei. Her vart dei orienterte om ynsket om å kutte halvparten av alarmsentralane som eksisterer i dag.

Anne Rygh Pedersen

TIL DET BESTE: Anne Rygh Pedersen vil leggje ned ni av 20 110-sentralar i landet.

Foto: NRK

Rygh Pedersen stod ho fast på at ny teknologisk sikrar at lokalkunnskapen blir teken vare på.

– Det er no mogeleg å sjå nesten alt ut frå eit kart, det er elektroniske hjelpemiddel, vi har snart eit naudnett som kjem på plass om kort tid slik at ein kan ha direkte dialog med dei lokale brannsjefane. Og dei har den naudsynte lokalkunnskapen, seier ho.

Mange og store katastrofar

Overfor NRK går avdelingsdirektøren langt i å stadfeste at det framlegget som skapte mykje turbulens og bråk, blir vedteke som det ligg føre.

DSB meiner det er for mange små sentralar, og ynskjer seg store og robuste sentralar sidan store katastrofar og hendingar kan skje på same tid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane

I FARE: Alarmsentralen i Sogn og Fjordane er i dag i Florø, men DSB vil leggje ned denne og leggje tenesta under Bergen.

Foto: Vidar Gudvangen (MMS-foto) / NRK

– Vi har sendt ut eit vedtak, fordi vi meiner at det vi har vedteke er rett. Då har eg vel eigentleg sagt det eg treng å seie. Men vi skal lytte, det er difor vi er her. Det er viktig for meg å seie, at vi tek alle innspel på alvor, seier Rygh Pedersen.

– Blir ikkje gode nok

– Dette er heilt naudsynt fordi vi har alt for mange små, lite robuste sentralar i dag. Dei har for få hendingar, så dei blir ikkje gode nok på å handtere krevjande hendingar i det daglege. Då veit vi at når det verkeleg smell, så er vi ikkje optimalt gode. Så er det for få på vakt på enkelte sentralar, legg avdelingsdirektøren til.

Dette er noko ordføraren i Vågsøy ikkje vil slå seg til ro med.

Moderne sentral

Ordførar i Vågsøy, Morten Hagen (H)

IKKJE NØGD: Ordførar i Vågsøy, Morten Hagen (H).

Foto: NRK

Hagen vil at mottakaren sit i Florø når det brenn, og når tryggleiksalarmar og innbrotsalarmar slår seg ut i Sogn og Fjordane.

– Vi har ein 110-sentral i dag, som er ein av dei nyaste som er bygd, den er moderne og klargjort for innføring av naudnettet. Alle tilbakemeldingar eg får seier at sentralen gjer veldig god jobb ut mot brannvesenet i kommunane og andre tenester som dei yter til kommunane, seier han.

– Viktig for oss

Hagen viser til at sentralen i Florø ikkje er av sentralane som har ein person på vakt, og at alle operatørane går same utdanninga uansett kva sentral dei skal jobbe på.

– Sjølv om systema blir betre og betre, så har lokalkunnskapen mykje å bety i fylket som vårt der vi veit at dekningsgraden blir mindre enn andre sentrale delar av landet. Difor sentralen viktig for oss å ha i Sogn og Fjordane, seier han.

Kommunane har fire veker på å seg å sende sine innspel til framlegget. DSB fattar sitt eige sjølvstendige vedtak, men denne kan påklagast til justis- og beredskapsdepartementet.