Hopp til innhold

Vennetur til Japan sikra prestisjetung fotopris

– Biletet var ikkje planlagt i det heile, seier Vegard Aasen (25) om mobilbiletet som natt til torsdag sende han heilt til topps i fotokonkurransen Red Bull Illume.

Mobilbilete tatt i Hakuba, Japan

VINNARBILETET: Med dette biletet frå pudderparadiset Hakuba feia Vegard Aasen (25) all konkurranse til side i Red Bull Illume. – Nivået var skyhøgt i alle kategoriar. Eg tykkjer synd på dommarane som skulle velje ut fem kategori-finalistar frå dei 25 semifinalistane, seier Aasen som vann mobilkategorien.

Foto: Vegard Aasen

Biletet vart teke under den japanske sola i Hakuba. På veg opp fjellet på feller såg han turfølgjet i snøføyka på ryggen over.

– Det såg ganske fantastisk ut. Eg måtte ta fram mobilen for å ta eit bilete, fortel Vegard Aasen.

35.000 bilete

Vegard Aasen

OVERRASKA: Vegard Aasen trudde ikkje i sin villaste fantasi at biletet ville sende han til topps i fotokonkurransen Red Bull Illume. – Dette er utan tvil høgdepunktet i fotokarrieren, seier han.

Foto: Privat

Fordi han heller ynskte å stå på ski denne dagen, var ikkje still-kameraet med i sekken. Men mobilbilete var meir enn godt nok for dommarane i den prestisjetunge fotokonkurransen innan sport- og ekstremsportfoto.

Biletet gjorde Aasen til vinnar av mobilkategorien, som var nyskipa. I alt 35.000 bilete vart sendt inn.

– Eg kan ikkje seie at det var langt over både ambisjonar og håp. Målet var å få eit bilete til semifinalen i ein eller annan kategori. No enda eg opp med to semifinalebilete og kategori-vinnar i mobilkategorien, seier 25-åringen.

Gøymer seg bak kamera

Lustringen fortel om ei fotokarriere ikkje veldig ulik mange andre. Mamma sitt kamera vart brukt til sporadiske bilete i barndomen, og i 15-16-årsalderen gjekk han til innkjøp av sitt eige kamera.

Semifinalistbilete frå Hodlekve

SEMIFINALEN: I tillegg til vinnarbiletet, fekk Vegard Aasen dette bilete frå Hodlekve i semifinalen i mobilkategorien.

Foto: Vegard Aasen

Siste tre-fire åra er det blitt veldig mykje meir bilete og film for den ivrige friluftsmannen. Favorittmotivet er landskapsbilete med menneske, då gjerne i ekstremsport av eit slag.

– Eg driv mykje med ski og klatring, og generelt friluftsliv. Det er her eg hentar det meste av inspirasjon. Sidan eg er den dårlegaste på ski i «gjengen», vart det naturleg å gøyme seg bak kameraet og la dei som verkeleg er gode få vere modellar, smiler han.

Prøvar igjen

Den kommande tida er det skulebenken og Høgskulen i Sogn og Fjordane sin nystarta master Climate Change som ventar. I tillegg er skisesongen like om hjørnet.

Aasen har allereie sikta seg inn mot Red Bull Illume 2019. Fotokonkurransen blir arrangert kvart tredje år.

Under prisutdelinga i Chicago henta han ikkje berre inspirasjon og knytte kontaktar. Han fekk også med seg ein god porsjon sjølvtillit.

– Det gir ein solid sjølvtillits-boost å berre vere nominert her. Det viser at bileta mine har noko å stille opp med internasjonalt, seier han.

Fungerer bra med mobil

Etter konkurransen fekk han også tips om å ta med kameraet på tur, så han ikkje må ty til mobilen.

– Men det fungerer jo tydelegvis bra med mobil. Eg veit ikkje kor mykje eg skal legge i dei tipsa der, humrar han.

– Kva betyr denne sigeren for deg?

– Plutseleg veit fleire kven eg er og kva eg driv med. Publisiteten internasjonalt er ganske stor. Utstillinga som opna etter seremonien skal dei neste åra reise verda rundt. Den er ganske rå.