Hopp til innhold

Mobbehistorie skal ut til skulane

Tor Henning Karlsen sitt liv som mobbeoffer blir teaterstykke.

Video MOBBETEATER-030910-SF1840MPEG-4_SF.mp4

SJÅ: Tor Henning Karlsen orka ikkje å sjå teateret som handla om sitt eige liv som mobbeoffer.

I dag har Tor Henning Karlsen det bra. Han har lagt dei vonde minna og opplevingane bak seg. Gløymt blir det likevel aldri. Historia til Tor Henning Karlsen frå Eikefjord er så spesiell at den no er blitt teaterstykke.

«Du ana'kje» hadde fredag urpremiere på gamleskulen til Karlsen. Skulen der han i mange år vart mobba.

- Eg håpar stykket er ein tankevekkjar for mange. At ein ikkje skal godta det. Slikt er ikkje tolerert, seier Karlsen.

- Rørande å sjå

Sjølv ynskte han ikkje å vere til stades under urpremiera til Sogn og Fjordane teater, men han er full av lovord om stykket.

Karlsen har sett ei prøve av skodespelet om seg sjølv, og kjenner seg att i måten skodespelar Kyrre Eikaas Ottesen tolkar rolla som «reinhaldar Karlsen».

- Det var rørande. Det var slik at eg hadde hjartebank då Kyrre kom inn i klasserommet med tralla, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Teaterstykke mot mobbing

SJÅ: Mobbing er eit alvorleg samfunnsproblem.

Alvorleg samfunnsproblem

Mobbing er eit alvorleg samfunnsproblem. Statistikken viser at kring fem prosent av grunnskuleelevane blir mobba kvar veke eller oftare. Men det er ikkje berre i skulen det er mobbing. I rabeidslivet reknar ein at kring fem prosent av arbeidstakarane blir utsett for mobbing.

Ifølgje elevsiden.no reknar ein at så mange som 40-60 nordmenn tek livet sitt kvart år som følgje av mobbing.

- Det kan kanskje gjere litt vondt å sjå stykket, men samstundes håpar eg det kan vere ei støtte å sjå «at det gjekk bra med Tor Henning», seier Karlsen.

«- Eg skal klare meg»

Sidan eikefjordingen gjekk i skulen, har mobbinga teke nye vegar. Mellom anna har digital mobbing festa grepet.

Gjennom mobiltelefonar og internett blir stadig fleire born mobba av medelevar i sin eigen heim.

- Eg trur og håpar at mange born som ser stykket, og som gjerne kjenner det same som eg kjende, kjenner seg att og tenker at «eg skal prøve å klare meg. Eg skal gå gjennom det sjølv om det er vanskeleg», seier Karlsen.

Mobbing er når en person gjentatte ganger over en viss tid blir utsatt for negative handlinger fra en eller flere personer. Det er en viss ubalanse i styrkeforholdet. Den som blir utsatt for de negative handlingene, har problemer med å forsvare seg og er ofte nesten hjelpeløs overfor den eller dem som plager ham eller henne.

(Dan Olweus, Mobning i skolen, i Mobbing kan stoppes av Helle Høiby 2002) / Høgskulen i Vestfold

- Ein skal bry seg meir

Karlsen arbeider i dag som reinhaldar ved skular og barnehagar i Førde. Som vaksen gjekk han til sak mot Flora kommune for tapt undervisning. Han fekk 100 000 kroner i erstatning. I dag er han i midten av 30-åra, uføretrygda, men framleis i full jobb.

Han vonar at teaterstykket ikkje berre er til støtte for mobbeoffer, men også kan rette ein åtvarande peikefinger til dei som mobbar.

- Eg håpar at alle mobbarane som ser stykket, og dei er det sikkert ein del av, ser kor fælt det må vere å påføre ein annan person slike smerte. Små ting og ord som ein gjer og seier i kvardagen, det kan gjere andre vondt. Ein skal bry seg meir om andre, seier han.

- Veldig sterk historie

Kyrre Eikaas Ottesen i rolla som Tor Henning Karlsen.

Skodespelaren Kyrre Eikaas Ottesen spelar rolla som mobbeofferet Tor Henning Karlsen.

Foto: Vegar Erstad / NRK

For nokre år sidan fekk Sogn og Fjordane Teater Heddaprisen for stykket om Arve Beheim Karlsen , som vart funnen drukna i Sogndal. Når teateret på nytt tek opp eit omstridd tema, er det med Aslak Moe som manusforfattar.

Handlinga i «Du ana'kje» går føre seg i klasserommet. Teatersjef Terje Lyngstad trur det gir elevane eit nærare forhold til temaet.

Skodespelar Eikaas Ottesen seier det var ei utfordrande rolle å gå inn i.

- Det er ei veldig sterk historie. Det er alt, det han har gått gjennom i skuletida og også seinare i vaksenlivet. Men det som også er ei utfordring, er møtet med elevane i klassen som skodespelar og det å formidle og skape kontakt med dei, seier han.

Skal sjåast av 3 000 elevar

Urpremiera fredag gjorde inntrykk på elevane ved skulen i Eikefjord. Emma Halvorsen fortel at ho kjenner nokre som flytta på grunn av mobbing.

- Det var veldig dumt av dei som gjorde det. Vi skulle stilt meir opp og gått over på andre sida for å hjelpe dei slik at dei kjende seg velkomne til skulen, seier Halvorsen.

Teaterstykket «Du ana'kje» skal skuleåret 2010-2011 på turné i skulane i Sogn og Fjordane. Over 3 000 elevar skal sjå stykket fram til sommaren.