Hopp til innhold

MMS-rot etter feil på mobilnettet

Joar Navarsete frå Sogndal lurte fælt då han fekk ei tekstmelding med spørsmål om kvifor han hadde sendt eit bilete av dottera til eit par i Bergen.

Joar Navarsete

- BURDE VORE STOPPA: Joar Navarsete.

Foto: Arve Uglum / NRK

Ein fredagskveld mottok Therese Norebø i Bergen eit mms-bilete av dottera si. Biletet kom frå eit ukjent nummer. Då ho sjekka viste det seg at nummeret stod på Joar Navarsete frå Sogndal, men han hadde ikkje sendt dette biletet.

Navarsete sat og såg på Idol, då han fekk ei tekstmelding frå eit nummer han ikkje kjende. Der stod det: Kven er du?

– Du har teke bilete av dottera mi, stod det. Biletet var teke inne i huset til paret frå Bergen, og då skjønte eg endå mindre.

– Grådig merkeleg

Tidlegare på kvelden hadde Therese Norebø og sambuaren stussa då dei fekk tilsendt eit bilete av si seks månadar gamle dotter frå eit nummer dei ikkje kjende.

– Eg syntest det var grådig merkeleg. Då eg såg nærare på biletet såg eg at det faktisk var teke i stova vår. Eg skjønte etter kvart at Navarsete ikkje kjende til dette biletet.

I følgje kommunikasjonsdirektør Øyvind Vederhus i Netcom var det ein feil i systemet deira som førde til misforståinga.

– Som følgje av ein feil på mobildatanettet - dvs det å gå på internett med mobilen - vart enkelte mms-meldingar sende med feil avsendarnummer. Biletet gjekk dit det skulle, men nummeret som fylgde stemte ikkje.

Netcom vil gjere endringar

No arbeidar Netcom for å forhindre at slike ting skal skje igjen.

– Bilete og mobilnummer er veldig personlege. Kundar blir sjølvsagt usikre på omfang og bakgrunn når desse to ikkje heng saman. Vi ser alvorleg på det, og vi kjem til å gjere større endringar i systemet dei komande vekene for å unngå slike feil.

Joar Navarsete meiner biletet likevel burde vore stoppa før det kom så langt.

– Det første du tenkjer når du får ei biletmelding er at dei som har sendt den faktisk er dei som har teke biletet. Det er tydeleg at det ikkje er heilt trygt å sende ting via telefon lenger.

Sjølv om saka no er oppklart, trur han det kunne ha gått langt verre.

– Det finst mange rare folk her i verda, og mange reagerer ulikt. Det som skjedde her kunne ha fått fleire ulike utfall, alt etter korleis dei som fekk meldinga reagerte. Eg får håpe for Netcom sin del at dei har betre rutinar til seinare.