NRK Meny
Normal

Mjølkerobot gjev dårlegare økonomi

JØLSTER (NRK): Mange hundre norske bønder har kjøpt seg mjølkerobot. Dei gjer livet som bonde enklare, men kan koste fleire millionar. No viser det seg at investeringa ofte ikkje løner seg.

AlfStøfring

STORBONDE: Alf Støfring på Jølster har kjøpt seg mjølkerobot i lag med dei andre bøndene i fellesfjøsen på Støfring i Jølster. Til saman produserer dei ein halv million liter mjølk i året. Det hadde ikkje vore mogleg utan roboten, seier Støfring.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Det totale økonomiske bilete syner at gardsbruk med mjølkerobot har eit sluttresultat som er om lag 60 000 kroner mindre enn like store bruk som mjølkar på den vanlege måten, seier Jostein Vasseljen i Norsk senter for bioøkonomi.

Nye tal syner at sjølv om mjølkerobotar gjer arbeidskvardagen til bonden meir fleksibel, lønar det seg ikkje reint økonomisk. Robotane er rett og slett så dyre at ein tenar meir pengar på å mjølke på gamlemåten.

Vasseljen har forska på økonomien til gardsbruk med mjølkerobot. Han seier at robotane krev mykje dyrt vedlikehald, og at dei også er dyre i drift.

Deilig

HERLEG: Mykje går automatisk i fjøsen til Alf Støfring. Også denne skrubbinga som kyrne ser ut til å like svært godt

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ein ny kvardag

Mjølkebonde Alf Støfring har brukt over ein million kroner på mjølkerobot saman med dei andre bøndene i fellesfjøsen han er med i. Han ser at det kanskje ikkje lønar seg økonomisk, men seier at investeringa er verdt det likevel.

Spene

LASER: Mjølkeroboten til Støfring nyttar ein laser for å finne spenane til kyrne

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Den store skilnaden merkar eg på hofter og lår. Tidlegare gjekk vi jo under kyrne for å mjølke, og etter mange år som mjølkebonde kjenner eg det godt.

I tillegg til ein litt enklare arbeidskvardag, seier Støfring at han har vorte mykje meir fleksibel etter at han fekk mjølkerobot.

– No kan eg gå på konsert klokka fem om eg vil det, og heller gå i fjøsen litt før. Det kunne eg ikkje tidlegare. Eg har vakse opp med faste fjøstider, så eg held no dei ganske likt uansett, men roboten gjer det mogleg å vere meir fleksibel i fjøstida om ein vil det.

KYR

NØGDE: Kyrne til Alf Støfring går fritt rundt i fjøsen og vert mjølke når dei sjølv vil. Slik var det ikkje før i tida med den gamle båsdrifta

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Unge bønder har lyst til å følgje med i tida

Anders Felde i Sogn og Fjordane bondelag seier at mjølkerobotane er framtida, sjølv om det ikkje er store pengar å tena på det.

Anders Felde med Byrkjelo i bakgrunnen

HAR TRUA: Anders Felde i Sogn og Fjordane bondelag har trua på at mjølkerobotane er framtida for mjølkebønder

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det gjev meir kontroll over fritida, og ein meir fleksibel kvardag. I tillegg trur eg unge bønder har lyst til å følgje med i tida og satse på ny teknologi. For mange er det viktig å vere moderne. Eg trur mange unge hadde satsa på mjølkerobotar sjølv om dei økonomiske utsiktene hadde vore endå dårlegare.

Overgangen ifrå handmjølking var større

Mjølkebonde Alf Støfring har trua på robotane, og at den moderne bonden har andre behov enn det han har hatt. Sjølv har han vore med på mange store endringar i landbruket, og han tykkjer ikkje overgangen til mjølkerobot er større enn endringar han har vore med på før.

Alf

MJØLKA FOR HAND: Alf Støfring har vore med på å mjølke for hand, og tykkjer overgangen til mjølkemaskin var større enn overgangen til mjølkerobot har vore.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg hugsar jo framleis at vi mjølka for hand her på garden, og overgangen derifrå til mjølkemaskiner var nok endå større. Når ein tenkjer på slitasje på hender og armar før i tida, var nok det ei viktigare endring, seier Støfring.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy