Mjølkeleveransane stuper

Leveransane av mjølk stuper, skriv Nationen. Ifølgje Tine er mjølkeproduksjonen mindre enn venta, med 8,3 prosent mindre enn i september i fjor. Meierisjef for TINE-meieria på Byrkjelo og Voss, Thorkild Heieren, seier det er tørkesommaren i 2018 som er årsaka til nedgangen. Likevel er det store nok leveransar til å dekkje etterspurnaden.

Tapping av skumma mjølk på meieri
Foto: Silje Guddal / NRK