Hopp til innhold

Mjølkebønder satsar på samdrift

Nesten ingen mjølkebønder vel å bygge ny fjøs åleine. I fjor var det ingen som søkte støtte til å bygge ny fjøs åleine, medan rekordmange fekk innvilga støtte til å bygge i samdrift med andre.

Ku i fjøs
Foto: NRK

Rune Lotsberg i Innovasjon Noreg trur at storleiken på gardsbruka i fylket er hovudårsaka.

- Vi er mange, men vi er små. Skal vi klare å få dette i hop økonomisk, så må fleire samarbeide, seier han.

Lønar seg ikkje

Og alt tyder på at bøndene i fylket er innstilte på det, medan 40 gardbrukarar fikk støtte til å bygge ny fjøs i samdrift med andre, var det ingen som søkte Innovasjon Norge om støtte til å bygge åleine. Ein ny fjøs kostar fleire millionar kroner, og Lotsberg meinar at mjølkebruka i fylket er så små, at det rett og slett ikkje løner seg med noko anna enn samdrift.

- Ingen anna utveg

Leiaren i Sogn og Fjordane bondelag, Bjarte Nordanger, peikar og på økonomi som hovudårsak til at mjølkebøndene ikkje satsar på anna enn samdrift når dei bygger nytt.

- Slik som økonomien i mjølkeproduksjonen er i dag, så ser dei ingen anna utveg enn å bli større viss dei skal ta steget å byggje, seier Nordanger.

Enklare å få fritid

Når ein organiserar mjølkeproduksjonen i ein samdriftsfjøs er det vanleg at gardbrukarane som er med har ei turnusordning på fjøsstellet, dette gjer det enklare for mjølkebøndene å skaffe seg fritid.  Og Rune Lotsberg i Innovasjon Norge meiner at mjølkebøndene vil halde fram med å bygge nytt i samdrift.

- Ganske mange tenkjer i retning samdrift, sjølv om dei ikkje har komme så langt i prosessen at dei har sendt søknad til oss, seier han.