Mjølkebonden må slå ut all mjølka han produserer

NAVELSAKER (NRK): På snart to månader har bonde Helge Navelsaker slått ut kring 20.000 liter mjølk. Den rasutsette vegen til bygda hindrar mjølkebilen i å kome fram.

Helge Navelsaker

– TRASIG: Mjølkebonde Helge Navelsaker synest det er synd at han må slå ut fullt brukbar mjølk.

Foto: Benedikte Grov

Helge Navelsaker er einaste mjølkebonde i den vesle bygda Navelsaker i Eid kommune. I april får han Sølvtina frå Tine for å ha levert kvalitetsmjølk i 15 år. Men sidan jul har all mjølka han produserer blitt slått ut.

– Eg synest det er trasig. Det er elitemjølk vi leverer. Det er gode produkt som meieriet skulle hatt.

Forklaringa på situasjonen ligg like ved. Om kvelden andre juledag rasa store steinblokkar ned på fylkesveg 664, den einaste vegen til dei 19 innbyggjarane i bygda. Skadane gjer at køyretøy over ni tonn ikkje får bruke vegen. Med det kjem ikkje mjølkebilen til Navelsaker.

– Ein tank rommar 1200 liter. Eg har slått ut 18 tankar.

Ekstraarbeid

Navelsaker har drive garden sidan 1995 og er vand til den skredutsette vegen.

– Vi er vande med at vegen kan bli stengt, men ein slik situasjon har eg aldri vore i før, og eg håpar eg ikkje vil oppleve det igjen.

At tyngre køyretøy ikkje kjem inn til bygda, skapar også andre utfordringar for gardsdrifta, som at fôrbilen ikkje kjem fram.

Fylkesveg 664 til Navelsaker

SKADD VEG: På denne staden gjekk det eit steinskred i romjula. Det er vurdert at køyretøy over ni tonn ikkje kan køyre her før vegen er utbetra.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Eg bruker fire-fem tonn kraftfôr i månaden. Eg må hente det utanfor i traktor med storsekkar. Det er mykje ekstraarbeid.

No håpar Navelsaker på fortgang i arbeidet med å reparere vegen.

På lista i 40 år

I raset i romjula kløyvde store steinblokker vegbana og ein allereie skadd mur blei ytterlegare skadd.

– Det er ein litt utfordrande plass å jobbe på. Vi må ta omsyn til snøskred, at telen i bakken er vekke og at det er mogleg å kome til der muren står, seier prosjektleiar for drift og vedlikehald i Statens vegvesen, Lars Erik Karlsen

I snitt er det 25 små og store rashendingar årleg, og vegen er i snitt stengt ni døgn i året. Vegen har vore på prioriteringslista for rassikring i 40 år.

Vil ha tunnel

Skal vegen sikrast med tunnel anslår fylkeskommunen at det vil koste kring 300 millionar kroner. Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) er tydeleg på at tunnel er rette løysinga.

– Det er viktig med strakstiltak som vegvesenet seier ein skal gjere til våren, men det gjer det ikkje mindre viktig å stå fast på at tunnel er einaste løysinga her. Det handlar om tryggleik i kvardagen for dei som bur der.

På Navelsaker veit ikkje Helge Navelsaker kor tid mjølkebilen dukkar opp på tunet neste gong, men likevel er ikkje gardbrukaren motlaus.

– Nei, det skal mykje til. Det er dette eg lever, av, så ein må ta utfordringane som kjem på strak arm,

Navelsaker

EINASTE VEG: Fylkesveg 664 er einaste veg til innbyggjarane i grenda Navelsaker.