NRK Meny
Normal

Mjølk står sterkt i landbruket i Sogn og Fjordane

– Husdyrproduksjon er svært viktig for oss. Vi har stor mjølkeproduksjon både frå ku og geit. I produksjon av geitemjølk er vi nest størst i landet, seier landbruksdirektør i Sogn og Fjordane, Christian Rekkedal.

Kyr på beite i Lærdal med Stødnafossen i bakgrunnen

MJØLKEPRODUKSJON: Kyr på beite i Lærdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

98 prosent av jordbruksareala i fylket er brukte til enten innmarksbeite eller gras. Det gir grunnlag for eit jordbruk med stor husdyrproduksjon.

– Det stadfestar det vi veit at det aller meste jordbruksdrifta i fylket er knytt opp til det vi kallar grovforbasert husdyrhald, seier Rekkedal

Tre prosent av landarealet i Sogn og Fjordane er jordbruksareal. Det er 532 500 dekar, eller omtrent storleiken på Gulen kommune, og utgjer fem prosent av jordbruksarealet i Norge.

Tala er henta frå nyleg oppdaterte, fylkesvise Arealbarometer frå NIBIO. Barometeret viser samla areal i fylket, kor mykje som er landbruksareal, kva jorda er eigna til og kva ho faktisk blir brukt til. Nytt

Færre men større

Den langsiktige utviklinga i Sogn og Fjordane syner at det vert stadig færre aktive gardsbruk, men bruka vert større.

– Så er det og over tid ein svak nedgang i jordbruksareal. Samanliknar vi det jordbruksarealet vi veit finst med som det vert søkt tilskot for så ser vi at det er ein forskjell på 100 000 dekar, og det er ganske mykje, seier Rekkedal.

Om lag ein femtedel av jordbruksarealet i fylket er altså ikkje lenger i bruk.

– Dette er noko som har endra seg over tid. Noko av det som skjer er at brattaste og dårlegaste dyrka jorda blir til beitemark, og den dårlegaste beite marka gror igjen, seier Rekkedal.

Christian Rekkedal, landbruksdirektør i Sogn og Fjordane

FÆRRE MEN STØRRE: Christian Rekkedal er landbruksdirektør i Sogn og Fjordane.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Stabil mjølkeproduksjon

Trass i at talet på mjølkebønder har gått ned 40 prosent dei siste 10 årar, og talet på mjølkekyr er redusert med neste 20 prosent, syner det seg at mjølkeproduksjonen held seg stabil på mellom 100 og 106 millionar liter.

– Ein god del av forklaringa er at ein har hatt ei modernisering. 25 prosent av kyrne i fylket vert mjølka av mjølkerobotar. Det betyr at dei vert mjølka fleire gonger i døgnet, noko som igjen betyr at dei er i stand til å produsere meir mjølk, seier Rekkedal.

Dei siste 15 åra så har snitt ytinga per ku auka frå kring 6000 kilo mjølk til over 7000, og dei beste mjølkar kring 9000.

– Det er ganske mykje, så det har skjedd ei stor effektivisering, seier Rekkedal.

Framgang for bær

Også bærproduksjon og enkelte tidlegproduksjonar kjenneteiknar jordbruket i fylket.

Spesielt dei siste 10–15 åra har det vore ei rivande utvikling innan bærproduksjon. I same periode er det satsa på å byggje opp merkevarer knytt til enkelte av produksjonane. Bringebær og morellar frå Lærdal er døme på dette.

– Dette har samanheng med folk sine forbruksvanar. Grønsaker, frukt og bær har blitt svært populært, seier Rekkedal.

Fylket er blant dei fire største bærfylka i landet, særleg på bringebær. Sogn og Fjordane har 2/3 av bringebærproduksjonen i Noreg. Morellproduksjonen i Lærdal representerer enkelte år også det største volumet i landet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.