Hopp til innhold

Mitt beste haustbilete

Har du teke eit foto med fint haustmotiv? Eller er du på jakt etter det rette motivet? Bli med i kåringa av årets haustfoto! Her ser du dei første bidraga i konkurransen.

Haustfargane er ikkje heilt som dei plar vere i år, lauvet har falle fort av. Men likevel er det rikeleg med gode motiv i naturen. Det kan vere frå jakt, fiske, bær- eller sopplukking, i frukthagen, ja, eigentleg kvar som helst.

Send bileta til oss på sffoto@nrk.no og merk dei haustfoto. Bileta blir presenterte ein gong i veka, siste frist for å sende inn er 15. november.

Alle kan delta, og dersom du tips om korleis du skal gå fram for å få gode bilete kan du få gode fotoråd her.

Sjå haustfoto del 1 her: Haustfoto del 1

Sjå haustfoto del 2 her: Haustfoto del 2

Sjå haustfoto del 3 her: Haustfoto del 3

Sjå haustfoto del 4 her: Haustfoto del 4

Sjå haustfoto del 5 her: Haustfoto del 5

Sjå haustfoto del 6 her: Haustfoto del 6

Sjå haustfoto del 7 her: Haustfoto del 7

Sjå haustfoto del 8 her: Haustfoto del 8

Sjå haustfoto del 9 her: Haustfoto del 9

Sjå haustfoto del 10 her: Haustfoto del 10

Gåvekort i fotobutikk

Vinnaren av det beste haustbiletet 2011 får eit gåvekort på 2000 kroner i valfri fotobutikk, nummer to og tre får kvar sin ryggsekk fylt med NRK-effektar.

Send store bilete

Vi ønskjer bileta tilsendt via e-post. Pass på å sende med informasjon om kvar biletet er teke/kva motivet syner, og kven som er fotograf.

Vi vil òg gjerne ha andre opplysningar om biletet – særleg viss det knyter seg ei spesiell historie til det.

Bileta blir presenterte på nettet med ei breidde på 650 biletpunkt (16:9-format), og må ikkje vere mindre enn dette. Bileta vil vi helst ha i originalstorleik.

Vi ønskjer bileta tilsendt i jpg- eller tif-format. Vi ser helst at du sjølv tek deg av eventuell bearbeiding av bileta.

Ved å sende bilete, gir du oss løyve til å nytte dei på nettsidene til NRK. Bileta som blir brukte, blir lagde ut saman med namnet til fotografen. NRK skal ikkje selje bileta vidare.