Trass i at regjeringa har lova opphald til einslege småbarnsmødre, vert den 26 år gamle kvinna og den to år gamle sonen hennar sendt ut av landet i ettermiddag. Dei er blant dei sju tamilane som vart henta av politiet i går.
Advokaten til den tamilske småbarnsmora, Jan Magne Birkeland, hevdar han har bevis for at ho er einsleg, og at mannen ikkje vil møte ho på Sri Lanka når kvinna vert sendt ut av landet i ettermiddag.
Birkeland er fortvila over at justisdeparementet ikkje trur på kvinna, og dermed ikkje vil følgje opp regjeringas lovnad om ikkje å utvise einslege mødre med små born. Flyet går i ettermiddag, og Birkeland jobbar no febrilsk med å få stoppa heimsendinga. Men om han lukkast, er han ikkje sikker på.