Hopp til innhold

Mister Sogndal er tilbake i Sogndal

Svein Bakke skal igjen jobbe for Sogndal. Den tidlegare spelaren, trenar og leiaren var i mange år kjend som «Mister Sogndal», men sa opp i klubben i 2005.

Svein Bakke

TILBAKE: Svein Bakke skal hjelpe Sogndal med å sjå framover.

Foto: Arve Uglum / NRK

No skal han vere med og stake ut framtida for fotballaget.

– Eg har sagt ja til dette fordi eg føler det passar inn i det eg ellers driv med. Eg bur i Sogndal og tykkjer dette er spennande å vere med på, seier han.

Bakke seier sjølv at han aldri har vore heilt vekke frå fotballen i Sogndal, men etter at han gjekk frå stillinga som sportsleg leiar i 2005, har han ikkje hatt offisielle verv i klubben.

Skal tenkje framover

No er det imidlertid han som skal legge grunnlag for ein ny sportsplan - og tenke ut dei framtidige satsingane til Sogndal Fotball.

– Dei som jobbar i Sogndal Fotball i dag, treng hovudfokus på det som skje no. Dei er ikkje fleire enn at dei treng det. Eg kan vere med å sjå på framtida, det treng dei, seier han.

Trur på godt samarbeid

Det er langt frå nokon fulltidsjobb, men gjennom konsulentselskapet han har drive dei siste åra skal han prøve å skaffe Sogndal ein sentral plass i fotballforbundet si satsing på eit toppfotballsenter. Det må skje gjennom eit meir formelt og tettare samarbeid med Sogndal sitt andre store miljø for idrettskompetanse, Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Her i Sogndal har vi utruleg mykje gode ressursar å spele på i forhold til kompetanse gjennom høgskulemiljøet og den vidaregåande skulen.

Ønskjer fleire lokale toppspelarar

Men det er fleire ting den gamle Sogndal-strategen gjerne vil ha gjort noko med. Det siste kullet av spelarar som gjekk klubb-gradene heilt til ein fast førstelagsplass i Sogndal var Terje Skjeldestad, Ole Hjelmhaug og hans eigen son Eirik.

– Rekrutteringa frå eigen stall har heller ikkje vore god nok dei siste 15 åra. Det krevst at vi set oss ned og spør kvifor vi ikkje får det til. Når vi er ærlege med oss sjølv og tel opp, så har det ikkje vore allverda etter generasjonen med Eirik, Terje og Ole, seier han.

Håper på eit puff

Dagens sportslege leiar, Trond Fylling, er pinleg klar over at toppspelarutviklinga frå eigne rekker i Sogndal langt på veg har lege nede.

– Når det gjeld at vi har få spelarar frå eigne rekkjer, så må vi ta tak i det. Vi ser dei store moglegheitene med norsk toppfotball og høgskulen. Vi må ta tak i den kompetansen som er her. Med Svein Bakke si erfarinng og bakgrunn, håper vi påe eit ekstra puff framover.

Men Bakke set ei klar grense for sitt engasjement, og det sluttar der den dagleg drifta startar. Laget sin magre poengfangst til no i eliteserien er ikkje hans bord.

– Så lenge eg ikkje blir dregen med i den daglege drifta, så trur eg dette skal gå bra, seier han.