Normal

Mistenkte omsorgssvikt – fekk ikkje lov til å ta valdsutsette barn frå foreldra

Ein tilsett i barnevernet fekk nei frå sjefen sin om at barn måtte bli fjerna frå valdelege foreldre. No er foreldra dømd for omsorgssvikt og vald i heimen.

Gulating lagmannsrett i Bergen
Foto: Jon Bolstad / NRK

Det er i ein omfattande dom frå Gulating lagmannsrett at det kjem fram at den tilsette i barnevernet i ein kommune i Sogn og Fjordane gjorde det ho kunne for å få barna vekk frå foreldra.

I dommen frå lagmannsretten heiter det mellom anna at retten legg til grunn at sakshandsamaren reagerte på forholda barna levde under og ho på eit tidleg stadium meinte at det var grunnlag for omsorgsovertaking.

– Ifølgje ho vurderte barnevernet det slik at det ikkje var grunnlag for omsorgsovertaking utan at det var sett inn tiltak; dei tiltalte måtte få ein sjanse til å ta var på eigne barn, skriv Gulating lagmannsrett.

Først langt seinare, etter at guten fortalde i barnehagen at mora hadde slått han, tok barnevernet affære og plasserte både han og storebroren i fosterheim. Då hadde guten mellom anna opplevd å bli slått, skubba, knipen og blitt truga av faren.

– Det blei etablert eit regime der guten levde i frykt for stadig tilbakevendande vald, der han jamleg er blitt avvist og halden nede gjennom handlingar og munnbruk, skriv lagmannsretten.

I retten blei det lagt fram ei rekkje prov og vitneutsegn som skildra ein heim der verken deira felles barn, eller hennar barn frå tidlegare, hadde det godt. Dei to foreldra er tidlegare dømde i tingretten, men anka.

No har Gulating lagmannsrett dømd faren til eitt år i fengsel og mora til 120 timar samfunnsteneste. Retten syner til at barna har fått psykiske skader som har prega dei.

Vegopning på Bergum i Førde kommune