NRK Meny
Normal

Mistenkt for promillekøyring – ringde sjølv til politiet

Ved eitt-tida natt til sundag fekk ein mann i 20-åra i Sogndal kverrsett førarkortet etter mistanke om at han har køyrt bil i rusa tilstand.

Mannen ringde sjølv til politiet og melde frå.

– Vi opplever mykje rart men denne var ny, seier Bengt Ness, som er operasjonsleiar Vest Politidistrikt i Florø.

Om lag samstundes tok politiet i Førde hand om ein mann i om ein overstadig rusa mann 50-åra. Mannen var blitt nekta adgang til ein utestad, og fekk i staden overnatte i arresten.

Også ein mann i 20-åra fekk eit opphald i arresten etter å nekta å fjerne seg frå ein utestad.

I Florø vart ein mann i 30-åra stogga av politiet i Firdavegen. Det synte seg at mannen var rusa og at han heller ikkje hadde førarrett. Det vart tatt blodprøve av mannen.

I ein trafikkontroll på E39 i Jølster skreiv politiet ut tre forenkla førelegg for høg fart. Høgste målte fart i 70-sona var 86 kilometer i timen

Ved femtida tok politiet i Florø hand om ein overstadig rusa mann i 20-åra som hadde gjort skadeverk i Strandgata, blant anna knust ei vindaugsrute. Mannen var seinare overtatt av helse.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.