NRK Meny
Normal

Mistenkt for promillekøyring

Ei kvinne i 40- åra er mistenkt for promillekøyring etter eit trafikkuhell i Førde i halv to- tida natt til laurdag.

 

 

Bilen kvinna køyrte skal ha kollidert med eit anna køyrety på Hafstadflata utanfor Førde sentrum. Ingen personar kom til skade i uhellet, opplyser politiet.

Bilane måtte fjernast med bergingsbil.

 

 

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote