Hopp til innhold

Stoppa vogntog som dreiv ulovleg godstransport

Ein nederlandsk trailer vart natt til tysdag stoppa av Statens vegvesen ved Håbakken kontrollstasjon, mistenkt for kabotasje.

Kontroll på Håbakken

FANN DOKUMENTASJON: Kontrollørane ved Håbakken kontrollstasjon i Lærdal fann dokumentasjon for ulovleg godstransport i Norge.

Foto: Anna Gytri

Under kontrollen vart det funne dokumentasjon for at traileren dreiv med ulovleg godstransport i Norge, og firmaet vil bli meldt for dette.

Transporten vart overteken av eit norsk transportselskap, medan føraren må vente til dagtid i påvente av avgjerd i saka, opplyser politiet.

Ifølgje politiet skal føraren ha utført fire oppdrag i Norge, i løpet av ein periode på 12 dagar. Det betyr at han har vore lenger i Norge enn det som er lovleg, og har utført fleire oppdrag enn det som er lovleg.

Politiet sin jurist vil avgjere saka i løpet av dagen.

Er strenge reglar

Det finst strenge reglar for korleis utanlandske transportørar kan drive transport innanlands i Norge, såkalla kabotasje.

Når eit utanlandsk vogntog køyrer inn i Norge med internasjonal transport, kan det etter dette køyre maksimalt tre turar i løpet av ei veke innanfor Norges grenser.

Så må bilen ut av landet. Reglane stiller også krav til at transportane innanlands skal vere av tilfeldig karakter.