Hopp til innhold

Mistenkjer tilsett for økonomisk utruskap

Fylkesrådmannen avdekka rett før jul 2014 at ein tilsett i fylkeskommunen kan ha gjort seg skuldig i økonomisk utruskap. Politiet etterforskar no saka.

Tore Eriksen, fylkesrådmann, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

KAN HA AVDEKKA ULOVLEG HANDLING: Fylkesrådmann Tore Eriksen samarbeider tett med politiet og vil førebels ikkje gi meir informasjon i saka.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Den tilsette er no suspendert frå stillinga si, seier fylkesrådmann Tore Eriksen til NRK.

Eriksen kan ikkje seie noko om kva beløp det dreier seg om.

– Det er førebels for tidleg å seie noko om kor store beløp det kan dreie seg om. Saka ligg no hjå økoteamet ved Sogn og Fjordane politidistrikt, fortel Eriksen.

Saka blei tidleg på nyåret lagt fram for politiet. Politifullmektig i Sogn og Fjordane politidistrikt, Magnus Eng Juel, bekreftar ovanfor NRK at dei etterforskar saka.

– Eg kan bekrefte at politiet etterforskar ei sak som omhandlar økonomisk utruskap. Politiet skal gjennomføre visse etterforskingsskritt i løpet av juni, men kor vidt det vil vere naudsynt med meir etterforsking etter dette er for tidleg å seie noko om, seier Juel.

Utover dette ønskjer ikkje politiet å uttale seg om ytterlegare konkrete opplysningar i saka, av omsyn til etterforskinga.

Fylkesrådmannen samarbeider tett med politiet og har informert dei i fylkeskommunen som må kjenne til saka.

– Ei sak som dette vil alltid ha karakter av også å vere ei personalsak. Fylkesrådmannen ber alle, som på ein eller annan måte måtte kome bort i saka, om å ta omsyn til dette.