Trur autovern over heile landet kan vere dødsfeller

Vegtilsynet fann manglande boltar i autovern langs riks- og europavegar i vest, øst og nord. No trur dei at dei livsfarlege manglane kan vere eit landsomfattande problem.

Autovern som mangler bolter

ALVORLEG: Dette autovernet, langs E39 i Gaular i Sogn og Fjordane, er eit av mange døme der det manglar boltar. Det er livsfarleg, seier Vegtilsynet.

Foto: VEGTILSYNET

– Det er farlegare at det manglar boltar enn at det ikkje er rekkverk, så dette er alvorleg, seier Ingebjørg Midthun, tilsynsleiar i Vegtilsynet.

For i verste fall kan ein få autovernet tredd gjennom bilen. I Voss vart ein bil spidda av autovernet i 2009. Det mangla boltar der bilen trefte autovernet. Dermed spratt det ut og gjekk rett gjennom bilen – berre centimeter frå hovudet til sjåføren.

Hendinga i Voss er berre ei av mange. I motsett tilfelle kan ein bøye autovernet ut og køyre utfor vegen.

Bil spidda av autovern i Voss 2009

FLAKS: Bilen som vart spidda av eit autovern i Voss i 2009. Flaks gjorde at føraren overlevde.

Foto: DANIEL MELVE KVARME / AVISA HORDALAND

– Verkar som ein trend

Etter at Vegdirektoratet avdekka ei rekkje feil på autoverna i langs vestlandsvegane i 2017, gjorde dei i fjor også inspeksjonar i nord. No er dei redde for at manglande boltar og dårleg festa autovern er ein gjengangar.

– Vi har gjennomført inspeksjonar i nesten heile landet – i vest, nord, midt og aust, og vi finn alvorlege feil mange stadar. Manglande boltar verkar som ein trend, seier Kenneth Lyngsgård, vegfagleg rådgjevar i Vegtilsynet.

For dårlege inspeksjonar

Totalt fann Vegtilsynet 169 manglar på autoverna under stikkprøvene. 100 av dei var manglande boltar og festing.

Difor opna dei tilsynssak mot Vegdirektoratet. Funna dei har gjort langs vegane, syner at inspeksjonane til Statens vegvesen ikkje fangar opp manglande boltar.

– Vegvesenet har generelle inspeksjonar ein gong i veka, der dei køyrer bil langs vegane. Det er ikkje godt nok, det verkar som det er vanskelege å oppdage at det manglar boltar på den måten, seier Ingebjørg Midthun.

Knekt stolpe E39 mellom Førde og Åsane

ØYDELAGDE: På E39 mellom Førde og Åsane fann Vegtilsynet tre øydelagde stolpar i 80-sona.

Foto: Vegtilsynet

Vegtilsynet påpeiker også at det ikkje er noko kompetansekrav til dei som monterer autoverna. Dei veit heller ikkje om manglane skuldast boltar som ikkje har vore montert eller som har falle ut.

– Det må vi finne ut av, og vi har difor bede Vegdirektoratet ta tak i det, seier Midthun.

Skal følgje opp

Vegdirektoratet skal no følgje opp med ein plan over tiltak til Vegtilsynet 4. april.

– No prøvar vi å finne svar på korleis det har skjedd, og korleis vi kan få ein god rutine for å rette det opp, seier Trond Michael Andersen, avdelingsleiar i Vegdirektoratet.

I heile Noreg har Vegdirektoratet driftskontraktar med ulike entreprenørar som har som jobb å inspisere autoverna.

– Vi går no i samtale med dei, og vi vil også gå gjennom alle autoverna for å sjekke. Vi må også hugse på at vi har verdas tryggaste vegar, og det skal folk som ferdast langs vegane vite. Men det betyr ikkje at vi ikkje kan bli betre, seier Andersen.

Manglande festing Voss-Dale E16

ULOVLEG: Manglande festing av autovernet har Vegtilsynet sett mykje av. Her frå E16 mellom Voss og Dale.

Foto: Vegtilsynet