Mistenkjer rabiessmitte – ein person er lagt inn på sjukehus

Ein pasient er lagt inn på Førde sentralsjukehus med mistenkt rabiessmitte. Personen vart biten av ein hund under ein ferietur til Asia for to månader sidan.

Sentralsjukehuset i Førde

INNLAGD HER: Pasienten ligg på Førde sentralsjukehus.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Vi har ein pasient som er innlagd på intensivavdelinga og treng intensivbehandling, og me mistenkjer rabiessmitte, seier Trine Hunskår Vingsnes i Helse Førde.

– Diagnosen er enno ikkje stadfesta, men pasienten er alvorleg sjuk.

– Kva gjer de vidare no?

– Det eine er å behandle pasienten og ta vare på dei pårørande. Og så tek me prøvar. Me har sendt ein prøve til eit institutt i Sverige, og me må vente på svar til uti helga.

Slike prøvar blir ikkje gjort i Noreg, presiserer Helse Førde.

I ei pressemelding skriv Helse Førde at Folkehelseinstituttet (FHI) er varsla.

Rabies smittar ikkje mellom menneske, skriv FHI. Smitte til helsepersonell kan ikkje heilt sjåast bort frå, men det er aldri tidlegare rapportert, skriv dei vidare.

Helse Førde melder at prøvesvar er venta tidlegast sundag, og at ein først då kan vere sikre på om det er rabies.

– Rabies er ein uhyre sjeldan sjukdom i Noreg. Om dette er rabies, er dette det første tilfellet på fastlandet sidan 1815, seier Vingsnes.

Viktig å melde frå

– I område med rabies bør personar som har blitt bite av hund eller andre dyr så raskt som mogleg ta kontakt med lege for råd og vaksine, seier overlege Siri Feruglio ved Folkehelseinstituttet.

Rabies kan førebyggast med vaksine både før og etter kontakt med smitteførende dyr, skriv FHI.

Trine Hunskår Vingsnes, fagdirektør i Helse Førde

VENTAR PÅ SVAR: Trine Hunskår Vingsnes, fagdirektør i Helse Førde, ventar på prøvesvar frå Sverige.

Foto: Steinar Lote / NRK