Hopp til innhold

Vitne til NRK: – Dei dreiv og demonterte nokre syklar

FØRDE (NRK): Politiet rykte ut då nokon midt på dagen demonterte syklar utanfor ein utanlandsk trailer.

Lastebil i Førde

UNDERSØKER: – Vi skal finne ut kva ærend dei har her, seier politifyrstebetjent i Førde, Geir Harkjerr.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Det som er sagt er at det er observert to menn som held på med nokre syklar rundt denne lastebilen. Så det verka litt mistenkeleg for dei forbipasserande, seier politifyrstebetjent i Førde, Geir Harkjerr.

Då politiet kom til staden hadde dei kontroll på den eine av dei, men den andre hadde stukke av.

Politiet leita framleis etter mannen i buskar i området då NRK snakka med dei.

Tonje Benedicte Woll var ein av ei forbipasserande som oppdaga mennene. Ho melde frå til politiet.

– Eg kom ned i parken med hund og såg to menn ved ein utanlandsk lastebil. Dei dreiv og demonterte nokre syklar. Det var fleire forbipasserande som tok bilete, og så dei oppdaga oss stoppa dei opp og gøymde syklane i ein busk, fortel Woll.

Laut få makkeren til å ringe

Etter politiet hadde snakka med den eine av mennene, ringde han til slutt til den som gøymde seg og sa han måtte kome fram.

Politiet fekk begge med til stasjonen.

– Vi skal snakke med dei og finne ut kva deira ærend i Førde er, seier politibetjent Harkjerr.

I lastebilen fann dei ein del varer som såg ut som skulle bli levert. Det var berre pappesker, og ingen syklar.

Politiet fann syklane i buskane der dei var gøymde.