Hopp til innhold

Miste førarkortet

Ein bilførar måtte levere frå seg førarkortet då politiet i går kveld hadde fartskontroll ved Grodås i Hornindal. Bilen hans vart målt til 88 kilometer i timen i 60-sona. Ved ein kontroll ved på fylkesveg 55 i Fardal i Sogndal vart det delt ut seks forenkla førelegg for høg fart, den hastigaste av dei køyrde i 75 kilometer i timen i 60-sona.