NRK Meny
Normal

Mistar førarkortet etter forbikøyring

Vogntogsjåføren som tok ei forbikøyring i ein høgresving i Stalheimtunnelen mistar både lappen og jobben.

Ein forbikøyring i ein høgresving i ein tunnel.

SJÅ VIDEO AV FORBIKØYRING: Erik Veim filma den skumle forbikøyringa i Stalheimtunnelen på E16 (Foto: Veim/ Redigering: Landsverk)

– Etter at politiet blei gjort kjent med filmen og selskapet, har me funne sjåføren, seier lensmann Magne Knudsen i Årdal.

Knudsen fortel at sjåføren får eit førelegg på 10 000 kroner, og får inndratt førarkortet sitt i ni månadar.

– Me har hatt ein dialog med han. Han har erkjent det på telefon, og vil få straffa formelt forkynt av stadleg lensmann i løpet av ettermiddagen.

I går uttalte Knudsen til NRK at dette er den styggaste forbikøyringa han har sett.

– Du køyrer ikkje forbi i ein høgresving i ein tunnel. Du gjer det berre ikkje. Vil folk komma heim eller ikkje?

Magne Knudsen

STYGG FORBIKØYRING: Magne Knudsen har ikkje sett verre forbikøyring.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Får aldri køyra for Schenker igjen

Videoen som viser forbikøyringa blei gjort kjent i går. Det var Erik Veim som filma hendinga. Han oppfatta forbikøyringa som særs uansvarleg, utan moglegheit for oversikt.

– Føraren av vogntoget burde ikkje hatt førarkort i det heile. Med ein bil imot ville det vore menneske som ikkje hadde kome heim den kvelden, seier Veim.

Sjåføren som no mistar førarkortet jobba for ein bileigar som jobbar under transportselskapet Schenker.

Den farlege forbikøyringa får konsekvensar også etter at sjåføren får tilbake førarkortet, skal ein tru Einar Spurkeland, som er kommunikasjonssjef i Schenker.

Me har vore i kontakt med bileigar og meldt ifrå om at denne sjåføren aldri får køyra for Schenker igjen. Me ber om at bileigar bekreftar dette.

Hendinga får ikkje konsekvensar for underleverandøren som sjåføren jobba for.

– Om bileigaren har ryddige forhold elles, så skal ikkje han straffast om han har 100 bilar, og kanskje ein sjåfør som ikkje er eigna til å køyra for oss, seier Spurkeland.

Informasjonssjef i Schenker, Einar Spurkeland

NULLTOLERANSE: Einar Spurkeland fortel at sjåføren ikkje får køyra for Schenker igjen.

Foto: Olav Juven / NRK

Nulltoleranse for trafikkfarleg køyring

– Me eig ikkje bilane sjølv, men har avtaler med bileigarane, og dei må følga våre bestemmingar for korleis dei skal oppføra seg, seier Spurkeland.

Han fortel at Schenker har regelmessige revisjonar med sine leverandørar. Under desse diskuterer ein korleis oppdrag blir utført, og kva oppfølging sjåførar har fått med tanke på pålegg frå selskapet.

Spurkeland fortel at dei alltid plar å ta opp slike alvorlege hendingar med bileigar.

– Då fortel me at me har nulltoleranse for trafikkfarleg oppførsel, og så er det opp til bileigar å ta det opp med sjåføren sin.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.