Hopp til innhold

Mistanke om tablettrus etter uhell

To kvinner vart i går kveld sende til Lærdal sjukehus med lettare skadar etter eit trafikkuhell på riksveg 55 ved Ølmheim i Sogndal.

Bilen dei to sat i hamna utfor vegen og trefte ein bergknaus. Politiet seier at det er mistanke om at sjåføren, ei kvinne i 60-åra, har køyrt i tablettrus. Det er teke blodprøve, og politiet har kversett førarkortet til kvinna.