Hopp til innhold

Mistanke om skjenking av mindreårige

Politiet har oppretta sak mot ein serveringsstad i Florø, etter at dei natt til laurdag fekk melding om at føregjekk skjenking av mindreårige.

Det var noko av det politiet måtte ordne opp i natt til i dag.

Like etter midnatt måtte politiet i Førde køyre ein mann til legevakta etter å vore utsett for vald.

Om lag ein halvtime seinare måtte politiet i Florø be ein huseigar om å dempe musikken, etter å ha motteke klage.

I Naustdal måtte politiet hente ein overstadig i rusa person som vart funnen sovande ute. Vedkomande vart teken med til drukkenskapsarresten i Førde.

Litt seinare på natta vekte politiet i Sogndal ein rusa person i Sogndal sentrum, og fekk han til reise heim.

I løpet av natta har politiet også hatt ein ruskontroll i på Skei i Jølster. 25 bilførar fekk vart kontrollerte, men det var ingen utslag. Ein fekk gebyr for ikkje å ha med førarkort.

I Florø vart politiet tilkalla til ein bustad, der ein person var utagerande. Han vart roa ned og gjekk etter kvar å la seg.