NRK Meny
Normal

Mistanke om promille etter ulukke

Politiet mistenkjer den eine sjåføren for promillekøyring etter ein kraftig kollisjon i Florø der tre personar vart lettare skadde.

Bilulukke Flora
Foto: Jan Roar Hatlem

Ulukka skjedde ved midnatt då ein bil kom over i feil køyrebane i ein sving og frontkolliderte med ein annan bil på riksveg 5 ved Brandsøy.

Ifølgje bt.no hadde ikkje den 19 år gamle sjåføren av bilen som kom over i feil køyrebane førarkort, og i tillegg er han mistenkt for promillekøyring.

Det er teke blodprøve av begge sjåførane.

19-åringen var åleine i bilen i retning Florø sentrum, då han kolliderte med ein møtande bil der det sat ei kvinne og ein mann. Ifølgje avisa er det også mistanke om at i alle fall den eine ulukkesbilen heldt høg fart.

Samanstøyten har vore kraftig for dei materielle skadane er store. Motoren på den eine bilen vart slått ut. Den eine føraren måtte også skjerast laus. Redningsmannskapa brukte ein halv time på å få han laust, skriv nettstaden sognogfjordane.biz.

Temperaturen var rundt null og det var ei tynn ishinne på vegen då ulukka skjedde.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser