Hopp til innhold

Mistanke om promille etter trafikkuhell

Det er mistanke om promillekøyring etter at ein mann i 60-åra køyrde i grøfta på Hafslo.

Trafikkuhell

TRAFIKKUHELL: Bilen enda i grøfta etter ein køyretur ved Moane på Hafslo.

Foto: CHRISTIAN BLOM

Politiet fekk melding litt over kl. 20 om ein bil i grøfta ved Moane i Hafslo. Etter at naudetatane kom på staden, fekk dei mistanke om promillekøyring.

– Ein alkotest gav tydeleg utslag, seier operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt, Kai Henning Myklebust.

Politiet har no oppretta sak mot føraren.

– I forbindelse med det tydelege utslaget, så er føraren tatt med inn til blodprøve, og sak blir oppretta, seier Myklebust.

Føraren kom uskadd frå ulukka.

Laster Twitter-innhold