NRK Meny
Normal

Mistanke om paratuberkulose i Fjaler

Mattilsynet har mistanke om paratuberkulose hos storfe i Fjaler kommune. Mistanken kom etter undersøkingar av ei sjuk ku som vart avliva.

Kuer

ILLUSTRASJON: Ei kyr i Fjaler kan ha vore smitta av paratuberkulose. Garden er no bandlagd.

Foto: ALEXANDRA BEIER / SCANPIX

Kua vart obdusert og det vart teke ut prøver. Prøvane av tarmen viste forandringar som gjev grunnlag for sterk mistanke til paratuberkulose.

Garden er bandlagt inntil vidare, melder Mattilsynet på sine nettsider.

– Paratuberkulose er ein alvorleg sjukdom, og det er derfor viktig å kartlegge og følgje opp buskapen med vidare tiltak, seier Terje Ramstad.

Det var veterinæren som varsla Mattilsynet om den seks år gamle kua. Den hadde vore behandla for langvarig diare, men kom seg ikkje.

Mattilsynet vil no ta prøvar av fleire dyr, og samstundes kartlegge om dyra på garden har hatt kontakt med andre buskapar. Det er både storfe og sau på garden.

Sjukdomen utviklar seg langsamt og er ein kronisk tarminfeksjon hos drøvtyggjarar. Den er i Norge svært sjeldan hos storfe og sau. Tidlegare i år har sjukdommen vore påvist på alpakka .

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.