Han seier stoffet er svært farleg fordi det er umogleg å vite korleis ein reagerer. I utgangspunktet er det eit krystallisk stoff som blir blanda ut i væske. Og ved inntak av væska er det liten kontroll med doseringa. Dermed er det lett for å ta overdose, seier han. (Meir info om GHB)
Utskriven laurdag
Politiet i Stryn er tidleg i etterforskinga av saka, og skal avhøyre fleire personar i dag. Det gjekk bra med personen som vart send til sjukehus fredag, og han vart utskriven laurdag. Det er symptoma hos pasienten som gjer at politiet trur det er tale om GHB.
Ikkje motgift
Stoffet blir som regel drukke, med dårleg kontroll over doseringa. GHB kan mellom anna føre til synsforstyrringar, skjelvingar, hallusinasjonar, pusteproblem, koma og i verste fall død. Thue seier det er eit stort problem at det ikkje finst effektiv motgift mot GHB. Dessutan gir bruk av GHB i kombinasjon med alkohol ein ekstra effekt som kan føre til akutt overdose, seier han.
- Sei nei
Det er gjort fleire GHB-beslag i Sogn og Fjordane politidistrikt. Thue seier også at politiet har mistanke om misbruk av GHB ved fleire høve der det har vore naudsynt å sende unge folk til legebehandling. Han oppmodar innstendig folk som får tilbod om GHB til å seie nei, og melde frå til politiet.