Ulukka var også nær ved å krevje eit fjerde liv, skriv VG.
Dei tre arbeidarane omkom på grunn av oksygenmangel i ein skipstank ved verftet Havyard Leirvik. Men det var altså ein vinkelslipar som førte til at arbeidarane gjekk ned i tanken.
- Fordi nærmast alle augevitne er døde, er det ikkje mogeleg å gje eit eksakt bilete av hendinga, men slik det ser ut, kan ulukka ha vorte utløyst ved at ein arbeidar mista eit verkty, og på botnen av ein skipstank vart det funne ein vinkelslipar som passar med dette biletet, seier politiadvokat Terje Gjertsen til VG.
Fjerde nær ved å miste livet
Mannen som mista vinkelsliparen gjekk ned i tanken for å hente den, men fall om på grunn av surstoffmangel. Tre andre kollegaer kom til og ville gå ned og hjelpe.
- Ein av dei ante uråd og ba dei andre vente, medan han henta hjelp. Då han kom tilbake var dei to andre kollegaene likevel gått ned i tanken og låg livlause dei også, seier Gjertsen.
Den fjerde kollegaen prøvde då å gå ned i tanken, men stoppa og kom seg oppatt då han merka mangelen på oksygen.
- Han låg på dekk og var dårleg då ambulansepersonellet kom, seier Gjertsen.
Stengte stilaset
Arbeidstilsynet stengde straks stillaset som vart brukt under arbeidet på grunn av omfattande manglar, opplyser inspektør Arvid Solberg til avisa. I tillegg vart det fort kjent at tryggleiksinstruksen ikkje fanst på polsk.
Gjertsen seier at dei no undersøkjer om det kan vere gjort fleire brot på prosedyrar, tryggleiksreglar og lover både ved verftet og hos leigefirmaet polakkane jobba for.