Hopp til innhold

Trelast stengde to E16-tunnelar i Aurland

To tunnelar vart stengde då ein lastebil mista trelast i Gudvangatunnelen på E16 gjennom Aurland.

Kø retning Voss ved Langhuso i Aurland

KØ: Det danna seg kø ved Langhuso då Gudvangatunnelen vart stengd tidleg torsdag ettermiddag.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

– Det var nummeret før vi også måtte stengje Fretheimtunnelen, seier trafikkoperatør Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Vegtrafikksentralen fekk melding om uhellet like før klokka 12. Då hadde ein personbil køyrt inn i nokre av plankane som ein lastebil mista kring halvveges inne i den 11,5 kilometer lange tunnelen.

For å unngå køar i Flenjatunnelen vart også denne rutinemessig stengd. Med stor trafikk var det like før at også ein tredje tunnel måtte stengje.

– Mange har nok teke langhelg, og det var stor trafikk også i går. I dag har det vore stor trafikk, spesielt frå Bergen, så det vart lange køar, seier Erikstad.

Etter kring ein time vart tunnelane opna att for fri ferdsle.

– Det var snakk om noko lite som hadde falle av, men det var likevel nok til at ein bil køyrde i og punkterte, seier Erikstad.

Erikstad sin kollega ved Vegtrafikksentralen i Bergen, Kjetil Larsen, meinte føraren av lastebilen truleg ikkje merka at plankane fall av.

– Vi har kalla ut entreprenør for å sjekke kor mykje som har falle av. Viking er også rekvirert for å hente personbilen, sa han.

Operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt seier at dei ikkje har sendt patrulje til staden, og at dei avventar tilbakemelding frå Vegtrafikksentralen.

Gudvangatunnelen