Hopp til innhold

Mista tre containerar inne i tunnel

Ein semitrailer mista tre containerar på veg gjennom Lotetunnelen på E39 i Eid. No blir tunnelen stengd store delar av ettermiddagen.

Semitrailer siste tre containerar i Lotetunnelen

SPERRAR VEGEN: Tre containerar sperrar E39 inne i Lotetunnelen i Eid kommune.

Foto: Yngve Tolaas, Fjordabladet

Politiet fekk melding om uhellet klokka 11:33. Ifølgje politiet skal ingen ha kome til skade i uhellet.

– Det ligg tre containerar og sperrar vegbana, og det er ikkje råd å køyre forbi. Eg kan ikkje seie kor lang tid det vil ta å rydde opp, seier vakthavande Kåre Sigurd Os i Eid brannvesen til NRK.no.

Han har nett vore ved tunnelen, og fortel at den eine containeren er så tung at dei må slepe den opp på ein bergingsbil.

Det er førebels uvisst korleis uhellet har skjedd, men tunnelen har fått skader i taket - der platene er rivne ned.

– Det er vanskeleg å seie om sjølve tunnelveggen er skadd. Det må vi sjå på etterkvart, seier Os.

Tunnelen er stengd som følgje av oppryddingsarbeid, men det er uklart kor lang tid det vil ta.

Klokka 17:00 vil Vegvesenet ta ei ny vurdering på når tunnelen igjen kan opne.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.