Hopp til innhold

Mista sin eigen norske rekord på heimebane - men svergar revansj torsdag

FLORØ (NRK): Hekkeløparen Øyvind Strømmen Kjerpeset måtte bite i det sure eplet då han sprang mot Karsten Warholm på heimebane på 400 m hekk. Dermed vart det ny norsk rekord - til konkurrenten.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

GAV ALT: Øyvind Strømmen Kjerpeset heldt heilt inn på 400 m hekk, men det vart berre nesten under Florø friidrettsfestival.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Eg kan ikkje vere veldig nøgd med dette, seier florøværingen, etter å ha vorte klokka inn på 50,39 under Florø friidrettsfestival laurdag.

Kjerpeset gjorde isolert sett eit godt løp og stod distansen heilt ut, men mot Warholm, som suste inn på 49,62, heldt det berre ikkje. Dermed rauk både sigeren, men også Kjerpeset sin gamle rekord på 49,95 frå 2013.

– Eg ville så gjerne vinne her i dag, men det klarte eg ikkje. Og det var dumt. Warholm er heilt rå, eg er heilt imponert, seier Kjerpeset om sunnmøringen frå Dimna.

Kan springe fortare

Men han er slett ikkje ein slagen mann av den grunn.

– Eg ser ingen grunn til at ikkje eg skal kunne springe like fort eller fortare, seier Kjerpeset, som meiner tida til Warholm er fantastisk bra.

– Eg hadde ikkje venta at han skulle springe så bra, seier Kjerpeset.

Men å miste sin eigen norske rekord på heimebane, er surt.

– Det hadde eg ikkje lyst til, men det er motivasjon. Eg skal ta att rekorden. Det kan skje allereie torsdag på Bislett Games, seier Kjerpeset.

Øyvind Strømmen Kjerpeset etter 400 m hekk

SKUFFA: Øyvind Strømmen Kjerpeset var skuffa etter å ha mista rekorden sin på 400 m hekk til Karsten Warholm.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Treng å finpusse siste del av løpet

Det er små justeringar som må til for at han skal få tida ytterlegare ned.

– Det er siste delen av løpet som må sitje betre. Eg blir litt defensiv i svingen og då får han eit forsprang som eg ikkje klarar å dekke, seier Kjerpeset.

Han meiner dette er småting som kan fiksast.

– Det er berre småting. Eg er i form og har grunnlaget, så nå må eg berre finpusse, seier Kjerpeset.

Lovar kamp til døra

Karsten Warholm er godt nøgd med å ha sett norsk rekord.

– Dette er noko eg har jobba for, og har trent godt og mykje i vinter. Det er ei god kjensle å lukkast, seier Warholm.

At Kjerpeset vil ta att rekorden på torsdag, tek Warholm som ei utfordring.

Karsten Warholm

FULLKLAFF: Ein nøgd Karsten Warholm etter ny rekord og siger på 400 m hekk.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Han kan heilt sikkert klare det han vil. Men eg skal prøve å ikkje gjere det så altfor lett for han, smiler Warholm, som tykkjer 49,62 er ei god tid.

– Klarar eg å gjere det same i EM og liknande, så kan det bli bra. Det er ikkje langt frå OL-kravet, seier Warholm, som trur både han og Kjerpeset kan få OL-billett – ved å pushe kvarandre.

– Det er slik ein må tenkje for å få norsk friidrett til nye høgder. Målet for oss begge er å prestere på topp internasjonalt, og då må vi hjelpe kvarandre litt, seier Warholm.