NRK Meny
Normal

«Kor mange medaljar eg har? Spør Jørund, eg har mista oversikten»

JESSHEIM (NRK.no): Trude Raad var svært letta etter å ha forsvart NM-gullet i slegge. Sigeren smakte ekstra godt etter ein sesong ho er langt ifrå nøgd med.

Trude Raad tek gull i slegge under NM

KASTA TIL GULL: Trude Raad var glad ho tok NM-gull i slegge etter ein heller varierande sesong.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det har vore veldig mykje press fram mot NM, og eg byrja å kjenne på nervane ganske tidleg. Vi var fem som kunne kjempe om gullet. Så no er eg letta, seier Trude Raad.

Ho er naturleg nok i strålande humør etter å ha forsvart NM-gullet frå i fjor. Lengstekastet på 61,46 meter var omlag halvmeteren betre enn gullgrossisten Mona Solberg.

Og: Det var aller første gong Raad slo erkerivalen frå Tjalve i ein konkurranse. Gullet smakte med andre ord godt i dobbel forstand.

Har mista teljinga på NM-medaljane...

No har Trude Raad teke NM-medalje i slegge kvart einaste år sidan 2006. Første gullet kom for ganske nøyaktig eitt år sidan.

Så er spørsmålet kor mange medaljar ho eigentleg har i NM...

– Kor mange medaljar eg har? Det veit eg ikkje. Men spør Jørund, eg har mista oversikten, ler 24-åringen.

Og det gjer vi sjølvsagt. Spør Jørund Årdal, altså - kastttrenar gjennom mange år i Gloppen Friidrettslag:

– Ho har 17 NM-medaljar for senior. Det er to gull, ein bråte med sølv og litt bronse, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Marte Rygg Årdal, Jørund Årdal, Odd Raad og Trude Raad under NM

GODE RÅD: Det er heilt greitt å ha pappa på sidelinja under NM. Her er Marte Rygg Årdal i samtale med Jørun Årdal, medan Trude Raad for innspel frå Odd Raad.

Foto: Rune Fossum / NRK

Satsar vidare - med mål om VM og OL

Sjølv er Trude Raad oppteken av at sesongen enda på ein positiv måte. For resultata har talt sitt tydelege språk: Den etterlengta framgang har uteblitt.

– Det gjer godt å avslutte ein slik kavesesong med eit NM-gull, seier ho.

– Kva tenkjer du om neste år?

– No har eg stampa altfor lenge på dei samme lengdene, og det tærer på motivasjonen. Men eg vil ikkje gi opp. Vi må finne ut kvifor eg ikkje kastar lenger.

– Så siktar eg sjølvsagt mot store meisterskap som VM og OL, og eg har lyst til å kaste langt over 70 meter. Allereie neste år er det VM, men slik det har gått i år - så veit eg ikkje kva som skjer, seier Raad.

Også bronsen gjekk til Gloppen

Det har gått seks år sidan 24-åringen frå Breim første gong kasta slegga over 60 meter. Den personlege rekorden er på 64.23 meter, sett på Bislett i 2012.

Men ho skulle så gjerne ha sett at utviklinga heldt fram.

– Det er ikkje så kjekt når framgangen uteblir. Eg er fysisk sterk og i god form. Problemet er å ta det med seg i kastinga, seier Raad.

Marte Rygg Årdal gjorde sleggeøvingane i NM til ei skikkeleg Gloppen-øving. Mona Solberg tok sølvet, med Rygg Årdal på bronse.

Trude Raad (t.v.) og Marte Rygg Årdal med gull og sølv i NM

GLADE: Trude Raad (t.v.) og Marte Rygg Årdal med kvar sin medalje i slegge.

Foto: Rune Fossum / NRK