NRK Meny
Normal

For eitt år sidan mista ho mannen i kreft og sat att med to små born – no driv ho fyret vidare

Dei dreiv Ulvesund fyr i Vågsøy saman, Sølvi Hopland Aemmer og mannen Heinz. Årets sesong er den første etter at ektemannen gjekk bort.

Sølvi utanfor pensjonatet

GODT: Sølvi Hopland Aemmer ser mykje av ektemannen Heinz sitt arbeid på fyret og pensjonatet. - Her er ein god stad å vere, seier ho.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Gravsteinen er laga av eit stykke sveitsisk fjell som vi ser frå stovevindauget i leilegheita vår i Sveits, der han likte å gå på klatre- og skiturar, seier Hopland Aemmer.

For 11 år sidan vart Ulvesund fyr restaurert. Ho dreiv fyret og fyrkafeen i lag med mannen sin Heinz. Men i 2013 vart livet deira snudd på hovudet. Like før sesongen på fyret skulle byrje, fekk den vesle familien den verst tenkjelege beskjeden.

– 6. mai i fjor fekk vi, ganske overraskande, vite at Heinz hadde ein til to månadar att å leve. Då drog vi til Sveits, seier Aemmer.

Hasta med å reise

Ho brukte ein dag å pakke på, medan mannen var att i Bergen. Samtidig gjorde ho klart slik at andre skulle kunne finne fram i tinga deira.

– Eg la klar nøkkelen til fyret og slike ting. På det tidspunktet visste eg at eg hadde to personar som skulle jobbe på fyret. Eg berre tenkte at eg får ta det derifrå. Det viktigaste var å få Heinz til Sveits før han vart for dårleg, fortel Aemmer.

Legen var klar på at det hasta dersom familien ville ta ein tur til Sveits, og Heinz ville gjerne til heimlandet.

– Det var ein ekstrem sommar i Sveits. Men vi hadde god støtte frå familien både frå Norge og frå Sveits, og gode venner, fortel Aemmer.

Døydde to veker før yngstejenta vart eitt år

Mange stilte opp for å hjelpe med det dei kunne, som til dømes å sitje barnevakt og få kvardagen til å gå rundt.

– Han døydde to veker før yngstejenta vår vart eitt år. Eldsteguten var då 3 1/2 år, seier Aemmer.

Sølvi Hopland Aemmer

TO SKATTAR: - Heinz er borte, men eg sit att med to skattar. Og eg er takksam for at eg fekk møte kjærleiken så sterkt, seier Sølvi Hopland Aemmer.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Den siste tida var tøff. Å vite at mannen skulle døy, var ei tung påkjenning.

– Eg visste at han skulle døy, men ikkje når eller kor. Eg ottast om eg kom til å vere der, eller om eg berre kom til å få ein telefon. Ungane var redde når eg ikkje var til stades, og han var for dårleg til at eg kunne ha med begge borna på ein gong på sjukerommet, minnest Aemmer.

På førehand tenkte ho mykje på korleis ho kom til å reagere når døden var eit faktum.

Eg tenkte at eg sikkert kom til å bli hysterisk når han slutta å puste og døydde. Eg håpte til det siste at det skulle skje eit under.

Sølvi Hopland Aemmer

– Eg tenkte at eg sikkert kom til å bli hysterisk når han slutta å puste og døydde. Eg håpte til det siste at det skulle skje eit under. Eg pakka med meg fire norske flagg i bilen i tilfelle det skulle skje, seier Aemmer.

Måtte finne ein veg vidare

Men flagga fekk dei ikkje bruk for. Heinz døydde. Sorga var botnlaus, og tanken på vegen vidare var det ikkje rom for.

– Eg tenkte berre at eg måtte halde ut og finne ein veg og ta vare på borna. Det var veldig viktig for han at ungane skulle ha tryggleik, fortel Aemmer.

Ho hugsar enno legen sine ord: No må du vere sterk for borna dine si skuld. For det var ikkje noko val. Oppgåvene stod i kø – kvardagen ventar ikkje. Og fyret ordnar seg ikkje sjølv.

Men minna om mannen lever vidare. Ikkje berre når Aemmer ser over fjorden til kyrkjegarden på Raudeberg.

– Eg ser han like mykje for meg når eg er på toaletta på fyret. Han restaurerte tre toalett og sette inn dusjkabinett siste våren han klarte å jobbe. Han la ned så mykje av seg sjølv her, heilt frå då han kom hit, fortel Aemmer.

Også bileta hans heng på utstilling, og minner henne om mannen kvar dag.

– Det er noko som det er liv i, livskraft og arbeidsglede i, medan grava på ein måte meir er eit symbol, seier Aemmer.

Godt å komme tilbake

Ho var ei stund usikker på om ho ville orke og klare å drive vidare. Men etter å ha tenkt over saka, kom ho fram til at det å drive fyret ikkje er ein jobb, det er livet hennar.

– Han gjorde så mykje, og eg var spent på korleis det ville bli å komme opp fyrbakken. I fjor då vi kom att, måtte eg ta att mykje etter sesongen, sidan vi ikkje hadde vore der, seier Aemmer.

For meg var det veldig uventa og stort at vi skulle få to born, og det var det for han også. No er han vekk allereie. Men eg sit med to skattar som er mitt ansvar og mi gåve og oppgåve.

Sølvi Hopland Aemmer

Ho takkar fantastiske venner og fyrjenter for at dei fekk alt i hop på ein god måte.

– Men det kjendest etter kvart trygt og godt å komme inn att på fyret og kjenne at det var viktig for meg å drive det vidare og ikkje gje opp. Eg starta det jo åleine og hadde eit forhold til det før eg kjende Heinz, seier Aemmer.

Men det er ikkje ein enkel jobb når ein er åleine med to små born.

– Utfordringa er å få det i hop med køyring hit og dit, og henting i barnehage. Eg har to små, så det går i eitt, seier Aemmer.

Har to skattar

Dottera Lily var nyfødd då Heinz merka at noko ikkje var som det skulle.

– Å gå frå å vere to vaksne og to born til å vere ein vaksen og to aktive born, det er ein stor overgang. Når eg i tillegg driv eit konsept som dette, så rekk eg ikkje tenkje, seier Aemmer.

Ho trur ho får tid til å tenkje meir, spesielt over det som har vore, når hausten kjem.

– Eg har fått altfor lite tid til å fordøye. Men eg er glad for at eg fekk møte kjærleiken så sterkt, sjølv om det vart altfor kort, fortel Aemmer.

Ho var godt over 40 år då sonen Marius vart fødd og 47 år då veslejenta Lily vart fødd.

– For meg var det veldig uventa og stort at vi skulle få to born, og det var det for han også. No er han vekk allereie. Men eg sit med to skattar som er mitt ansvar og mi gåve og oppgåve, seier Aemmer.

Minna om då Heinz døydde, har også gitt ho kraft på vegen vidare.

– Eg er takksam for at eg fekk vere med han åleine dei siste minutta. Det har gitt meg mykje kraft. Og eg er glad for og stolt av det vi klarte her på fyret i lag. Men eg forstår ikkje på nokon måte at dette måtte skje, seier Aemmer.