Hopp til innhold

Mista lappen i fartskontroll – lurte til seg nytt førarkort

Sogningen visste råd då han miste lappen i ein fartskontroll på Gol ein junidag i fjor. I 60-sona vart han målt til 102 km/t.

Lysta til å vere utan førarkort særleg lenge var tydelegvis ikkje stor hos mannen i 30-åra. For alt dagen etter gjekk han inn på nettsida til Statens vegvesen og melde førarkortet tapt, til trass for at politiet altså tok det frå han dagen før.

På nettsida til Vegvesenet fekk han likevel eit mellombels køyreløyve.

Sogningen tilstod forholdet og sa i retten at han aldri skreiv ut køyreløyvet eller på andre måtar tok i bruk det.

Tingretten meiner det er mindre alvorleg å gi urette opplysningar til Vegvesenet enn til politiet og retten. Men dommaren skriv likevel følgjande i dommen:

– Etter retten sitt syn viser sikta si handling manglande respekt for så vel politiet sitt arbeid som dei trafikktryggleiksomsyn som normalt gir grunn til å miste førarretten. Retten kan heller ikkje sjå at den vanskeleg økonomiske situasjonen til sikta kan unnskylde handlinga.

Uansett enda køyreturen og besøket på nettsida til Vegvesenet med ubetinga fengsel i 18 dagar og ni månader utan førarkort. Samstundes avgjorde Sogn og Fjordane Tingrett at sogningen også må opp til ny førarprøve før han igjen får setje seg bak rattet.