1. januar vart det slutt på at veterinærar har beredskap etter vanleg arbeidstid. Grunnen er at Veterinærforeninga og Landbruksdepartementet ikkje vert samde om godtgjering for vaktordninga.
Karen Marie Hjelmeseter (Foto: NRK)
Tårane trilla
Bonde og ordførar i Sogndal, Karen Marie Hjelmeseter, fekk i går lida for dette. Ho mista til slutt ein kalv etter forgjeves å ha prøvd å få fatt i veterinærhjelp. Undervegs fann ho ikkje anna råd enn å ringja politiet.
- Politiet bad meg om å ringje til Mattilsynet, og der fekk eg til svar at eg måtte ringje dyrlegen neste morgon eller finne nokon som kunne drepe kalven, fortel Hjelmeseter.
- Eg var så fortvila at tårane trilla til slutt.