NRK Meny
Normal

Kim Andre løfta for gull... då datt 312 kilo med blytunge vekter ned på tærne hans

Kim Andre Blikås frå Førde skulle gjere eit siste forsøk på å sikre NM-gull med eit løft på 312 kilo. I staden mista han blytunge vekter ned på tærne!

Kim Andre Blikås løfta for NM-gull, då han mista 312 kilo med blytunge vekter ned på tærne sine.

SJÅ VIDEO: Kim Andre Blikås får 312 kilo blytunge vekter på tærne. (Foto: Simen Grasto)

– Det er noko av det verste eg har opplevd av smerte, fortel styrkeløftaren som jubla for NM-sølv trass knuste tær som resultat.

For Førde-løftaren gjekk turen rett frå NM i Frognerhallen utanfor Oslo til legevakta. Der blei tær og kjøtsår sydd, og jamvel la dei på att neglene.

–Så fekk eg solid med smertestillande før eg kom meg heim, fortel Blikås og forsikrar at uhellet ikkje på noko vis la nokon dempar på sølv-feiringa.

Løfta for gull

Kim Andre Blikas

SMERTEFULLT LØFT: Styrkeløftaren frå Førde skulle løfte ein siste gong. Då glapp vektene og landa på tærne hans.

Foto: privat

– Det gjekk veldig bra og eg fekk ein skikkeleg kamp. Det var 14 i klassen, men til slutt stod det mellom meg og ein til. Det var veldig jamt, men eg hamna 2,5 kilo bak han og fekk sølvmedalje. Og nokre knuste tær vart det også ...

– Korleis fekk du til dette?

– Eg hadde eit siste forsøk på å få gull. Eg hadde løfta 305 kilo i 2. forsøk. I det siste forsøket gjekk eg for 312 kilo og gullmedalje. Det gjekk nesten opp, men så slapp eg og då hamna vektene på tærne mine. Det var temmeleg vondt, slår styrkeløftaren fast.

Vil satse vidare

NM sist helg var Blikås sitt comeback i meisterskap, og han har ingen planar om å gje seg med det første.

– Eg reknar med at eg skal klare å trene normalt igjen om to-tre veker. Men det er i alle fall ikkje noko eg kjem til å gjere igjen. Men uansett blei det comeback, og det var skikkeleg artig. Ambisjonane no er å kome opp på internasjonalt nivå igjen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser