Hopp til innhold

Yrkessjåfør mista container og førarkort, men får bot etter uhell

Yrkessjåføren som i desember mista tre containerar i Lotetunnelen, mistar førarkortet i ni månader.

Container datt av trailer i Lotetunnelen

FALL AV: Tre containerar fall av vogntoget på veg gjennom Lotetunnelen i desember i fjor.

Foto: Øystein Torheim

Han får også ei bot på 10.000 kroner etter uhellet, skriv Sunnmørsposten.

Politiadvokat Lisa Førde Refsnes seier til NRK.no at bota og førarkortbeslaget vart sendt 9. januar, men per no ikkje er vedteke.

– Blir ikkje avgjerda vedteken, så blir saka sendt retten for avgjerd der, seier ho.

26 cm for høg

Det var i midten av desember at vogntoget frå Ålesund-firmaet mista tre containerar på veg gjennom Lotetunnelen .

Tunnelen er skilta med største høgd 4,00 meter, men ei kontrollmåling viste at lasta raga 4,26 meter over asfalten.

– Vedtaket går på aktlaus køyring og brot på skiltføreskrifta for høgda på tunnel. Han har teke opp i taket med lasta, og hadde det kome bil bak så er det eit visst farepotensial, seier Førde Refsnes.

– Tunnelen er skilta

Ingen personar kom til skade i uhellet, men tunnelen var stengd i kring fire timar etter uhellet. Føraren har forklara at han køyrde sentrisk i tunnelen og la seg ut til høgre i møte med eit anna køyrety.

– Tunnelen er skilta fire meter, og ein kvar førar må vite kor høg last ein har, seier Førde Refsnes.

Også i juli 2011 mista ein trailer ein container på fem tonn inne i Lotetunnelen , 50 meter frå der uhellet i desember skjedde.