NRK Meny
Normal

Mista alt i brannen – i år fekk dei feire jul i nytt hus

Reidar Krusedokken er ein av dei 71 som mista heimane sine i storbrannen. Saman med familien fekk han flytte inn i nytt hus etter storbrannen i Lærdal. Akkurat i tide til jul.

Brannoffer Reidar Krusedokken feira jul i ny heim

JULESTEMNING: For eitt år sidan mista Reidar Krusedokken og familien alt dei hadde i storbrannen i Lærdal. I desember fekk dei flytte inn i det nye huset.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Det har vore eit tøft år for dei mange som vart huslause etter storbrannen i Lærdal sist vinter.

Flammane tok 60 bygningar, 71 personar vart huslause. Men som Sogn Avis skriv i dag har mange fått flytte heim att. Ein av dei er Reidar Krusedokken.

– Det var utruleg fint og noko me hadde sett fram til lenge, seier han til NRK.

Sterke minner frå natta det brann

Saman med kjærasten Judith Hunderi og dottera hennar Mari Hunderi, fekk han dermed ei perfekt avslutning på eit krevjande år. Lenge var det usikkert om snikkarane ville rekke å bli ferdig i tide.

– Me hadde eigentleg ikkje trua på det før den siste veka, men så viste det seg faktisk at me kom inn enno ei veke tidlegare enn me skulle. Då fekk me ordna det ordentleg til før jul, seier Krusedokken.

Eit år etter storbrannen sit bileta frå den dramatiske natta framleis sterkt i minnet.

– Det var nesten så det var ein draum heile greia. Det var som ei krigssone. Det brann opp i fjella, det brann i alle husa rundt oss og det regna eldkuler. Det er sånn du innbiller deg at det er å vere i krig. Me flaug rundt med vassbøtter og pulverapparat, men det var heilt håplaust, minnest Krusedokken.

Sjølv hadde han nettopp flytta inn i huset. Likevel mista han nærast alt han hadde til flammane den natta. Kjærasten Judith mista barndomsheimen ho vaks opp i.

Nye utsikter etter brannen

NY UTSIKT: Familien var lenge i tvil om dei skulle bli i bygda etter brannen. Men no nyt dei den nye utsikta i det nybygde huset.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Kvardagen vender tilbake

Året som har gått har vore svært spesielt for den vesle familien.

– No var me heldige som fekk låne sommarhuset av ei veninne til Judith. Det var heilt møblert og alt, så me berre flytta rett inn. Det var utruleg godt at me slapp å styre med innkjøp av møblar og alt slikt. Men du lever på vent. Du kan ikkje slå deg til ro. No kan me det. No har me endeleg kome heim att, seier han.

No har dei budd i det nye huset nokre veker. Men det tok nokre dagar å venne seg til den nye kvardagen.

– Når me vakna om morgonen etter at vi hadde sove første natta her, låg kleda og alt i koffertane. Det var litt som å bu på hotell. Men når vi fekk roa oss litt ned var det ei utruleg god kjensle å endeleg kunne sjå litt positivt på ting igjen.

Det var ikkje sjølvsagt att dei skulle byggje opp att huset og det nye livet i Lærdal. Kjærasten Judith vurderte å flytte ut av bygda. Minna frå brannen var tunge å bere.

– Men så fann me ei perfekt tomt, der me likte oss umiddelbart, sjølv om det då eigentleg berre var busker og kratt.

Rosar samhaldet i bygda

I Lærdal er no fire hus bygde opp att etter brannen og vore innflyttingsklare til jul. I tillegg har mange flytta inn i hus som har vorte totalrenoverte etter brannen.

Krusedokken og familien er nokre av dei første som har fått flytte tilbake. Han trur det blir godt for heile bygda etter kvart som fleire av dei brannråka familiane også får vende tilbake til heimane sine.

– Når me går nede på Øyri og ser at husa byrjar å komme opp att, så blir det litt som ting er på veg tilbake til normalen. Alle gler seg, ikkje berre dei som skal flytta inn, men alle som er i bygda, gler seg over at folk får husa sine tilbake igjen, seier han.

Støtta frå lokalsamfunnet i tida etter brannen tykkjer han har vore imponerande.

– Det er veldig bra samhald, frå bonden til ordføraren. Alle har vore kjempepositive og støttande heile vegen. Eg kjem frå ei lita bygd sjølv, men har budd i Oslo og Drammen i mange år. At det skulle vere så bra, det imponerer meg, seier han.

Optimistisk ordførar

Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim gler seg over framgangen og at så mange etter kvart har byrja å flytte tilbake.

– Men det går nok ei god stund til at alle husa er ferdige. Det er framleis nokon som ikkje har byrja å byggje og det vil ta noko lenger tid, seier han.

Jan Geir Solheim

OPTIMIST: Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim gler seg over at fleire no får flytte tilbake til nye heimar.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Det har vore eit arbeidskrevjande år, både for kommunen og dei mange som vart råka av brannen. Eitt år etter ser likevel ordføraren lyst på framtida.

– Det vi har sett er samhaldet og den veldige styrken som bur i dette samfunnet. Så sosialt sett har vi kome styrka ut, seier Solheim.

Han seier det har vore frustrerande å heile tida måtte kjempe for å få midlar etter krisene som har ramma bygda. Spesielt har det vore krevjande for den kommunale administrasjonen, men no byrjar konsekvensane å syne i resten av samfunnet. For mykje anna har måtte vike i arbeidet med å byggje opp att bygda.

– Det har vore frustrerande. Men vi kjempar framleis for å få midlar til Lærdal, både etter brannen og flaumen, og vi har ikkje gitt opp kampen, seier Solheim.

Norsk dokumentar. Natt til 19. januar i år blei Lærdalsøyri herja av storbrann. Flammehavet slukte 40 bygningar, 70 menneske stod utan hus. I snart eitt år har NRK følgt gjenoppbygginga og kampen for å ta kvardagen tilbake.

PÅ BRENT GRUNN: Her kan du sjå TV-dokumentaren om året som har gått etter Lærdalsbrannen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser