Hopp til innhold

Naboane miste alt i brannen - huset til Kjell står åleine att

Heile nabolaget hans er svidd ned. – Det blir rart å komme heim til eit hus som ikkje lenger har naboar, seier Kjell Hiller. Huset hans står einsamt tilbake, midt blant ruinane.

Han ble innlagt på Førde sentralsjukehus etter brannen i Lærdal, men har ihvertfall et hus å komme hjem til.

SJÅ VIDEO: Kjell Hiller fortel frå sjukesenga korleis brannen reiv med seg husa til naboane. Foto: Johan Moen – Intervjuar: Tone Lin Støfring Skovro

Kjell Hiller sat framfor fjernsynet i går kveld då det brått hamra på døra. Det var naboane som ropte at det brann. Synet som møtte han utanfor døra var absurd.

– Eg såg rett på det første huset som brann, det stod i full loge. Så gjekk det veldig fort at nabohuset nedfor byrja brenn og då byrja det ta fyr i huset framfor meg. Så byrja treet å brenne.

(Saka held fram under biletet)

Huset til Kjell Hiller

NABOLAGET ER SVIDD VEKK: Bortimot heile nabolaget til Kjell Hiller er brent til grunnen.

Foto: Arne Veum / NTB scanpix

Han måtte sjå at ytterlegare tre nabohus byrja å brenne, og brann heilt ned til grunnen.

Blir behandla for røykskadar

Hiller vart i dag tidleg frakta til Førde sentralsjukehus med redningshelikopter. På sjukehuset får han behandling for røykskadar. Han får surstoff for å reinse lungene. Men han håpar på å bli utskriven i morgon.

Han deler rom med to brannmenn som også har fått røykskadar og ein nabo som miste alt. For romkameratane er det framleis for sterkt å snakke om alt dei har opplevd.

Men gjennom oksygenmaskene snakkar han med sin tidlegare nabo, no i nabosenga, om den dramatiske natta.

(Saka held fram under biletet)

Kjell Hiller

FÅR BEHANDLING FOR RØYKSKADAR: Hiller vart frakta med redningshelikopter til sjukehus der han får behandling for røykskadar.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Sprang inn og ut av kjøkkenet med bøtter

Saman prøvde dei å slokke brannar. Dei sprang alt dei kunne inn og ut av kjøkkenet for å fylle bøtter med vatn for å sløkke det dei kunne.

– Det var både dokkehus, hekkar og tre å slokke. Vi klarte det til dels. Alle innbyggjarane var med. Til slutt måtte vi gje oss. Det vart altfor sterkt.

– Det var utruleg sterk vind. Det kom glokuler i lufta så store som tennisballar som kom flygande i vinden. Dei flaug kanskje fleire hundre meter og sette fyr på ting. Vi prøvde alt vi kunne å slokke her og der. Men når huset rett framfor meg byrja brenne måtte eg gje meg.

I sløkkingsarbeidet pusta han inn mykje røyk og lukta av sur røyk slepp ikkje taket frå rommet dei fire ligg sjølv om vindauga står vide opne.

Uroa for framtida

– Det var kolossal røykutvikling, masse gnistrekavar som kom flygande. Det var til slutt politiet som gav dei beskjed om at dei måtte evakuerast vekk

No er dei uroa for korleis dagane framover vil bli.

– Alle er jo trygge på at familiane sine er i tryggleik. Men vi veit ikkje korleis vi skal løyse kvardagen. Kva skjer? Kor lang tid tar det før vi får ein plass å bu? Kva møter oss når vi kjem heim att? Korleis skal det gå?

Han kjenner ikkje til om sitt eige hus har fått røykskadar etter brannen.

– Det blir uansett rart å flytte inn i eit hus når alle nabohusa er vekke. Alle naboane er vekke. Husa deira er berre ruinar. Det er rart. Det er naboar eg har kjent gjennom ei årrekkje, mange av dei er barndomsvenner.