Bjarte Nordanger. (Foto: NRK)
På dei fem åra frå 1998 til 2003 minka området i fylket som er fri for inngrep med 67 kvadratkilometer, og det er i stor grad skogsvegar som vert råka. Dette kjem fram i eit oversyn frå Direktoratet for Naturforvaltning.
Tømmerfrakt
Leiar Bjarte Nordanger i Sogn og Fjordane Bondelag tykkjer likevel ikkje at dette er spesielt alvorleg.
- Me har ein veldig stor del av naturen vår i slike område. Årsaka til at inngrepa skjer, er den store skogplantinga som har foregått i mange år. No er tida komen for å hausta tømmeret, og då treng ein vegar, påpeikar Nordanger.
Han meiner óg at statistikken som direktoratet kjem med, ikkje er så skremande.
- Planlegg lurare!
Janne Sollie, som er direktør i Direktoratet for Naturforvaltning, har forståing for at inngrepa i naturen er ein naturleg del av at primærnæringane i fylket står sterkt. Likevel ber ho skogeigarane ta omsyn.
- No har me vore flinke til å leggja ut kart til dei slik at dei skal kunna sjå kva areal som er villmarksprega og inngrepsfrie. Her er det snakk om å planleggja lurare i framtida, seier Sollie.