Han ventar framleis på å høyre frå Kystverket

Stein Jørund Amdam får snart verdas største skipstunnel gjennom eigedomen sin. Så langt har han høyrt fint lite frå utbyggjar Kystverket.

Stein Jørund Amdam

VIL HA AVKLARING: Stein Jørund Amdam ventar og ventar på informasjon og oppgjer for grunnen han må avsjå til Stad skipstunnel.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det er noko som heiter eigedomsrett og ikkje minst kommunikasjon, seier Stein Jørund Amdam, einaste grunneigar i Moldefjorden i Selje som blir råka av innslaget til planlagde Stad skipstunnel.

Kjenner seg låst

Tunnelen vil gå tvers gjennom grunnen hans. No etterlyser Amdam konkret kontakt og grunnoppgjer for arealet verdas største skipstunnel vil krevje.

Etter løyvingane i Nasjonal Transportplan startar bygginga tidlegast i 2020. Tunnelen får ein prislapp på 2,7 milliardar kroner .

Stad skipstunnel

FRÅ SØR: Stad skipstunnel sett frå Moldefjorden i sør. Fylkesvegen vil bli lagt over tunnelen i terrenget, med rasoverbygg.

Foto: Kystverket/Snøhetta

– Det har ikkje vore forhandlingar om grunn eller noko slikt. Per i dag har ingen teke kontakt. Det låser meg og eigedomen for vidare utvikling, seier han.

Kom utan varsel

Stein Jørund Amdam
Foto: Harald Kolseth / NRK

Amdam reagerte kraftig då ei gravemaskin kom på eigedomen og starta med den arkeologiske registreringa. Heller ikkje då vart han kontakta og varsla om kva som skulle skje.

Han jaga dei like godt frå eigedomen.

– Då kom kommunen og det vart kommunikasjon, så då gav eg aksept på det, seier han og legg til:

– Eg jobbar ikkje mot skipstunnelen, men eg vil ha kommunikasjon, seier han.

Har ikkje pengar

Terje Andreassen

HÅPAR: Prosjektleiar Terje Andreassen i Kystverket håpar å kome til semje med grunneigarane om avståing av grunn til Stad skipstunnel. – Ekspropriasjon er ei handling vi må ty til om ein ikkje kjem til semje, seier han.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Prosjektleiar Terje Andreassen seier at Kystverket rett og slett ikkje har pengar til å setje i gang prosessen med grunnavståing.

– Vi kan ikkje ta over driftsbudsjettet for i år og må vente til vi får løyvingar på Statsbudsjettet, seier han. Det skjer tidlegast neste år.

På Kjøde-sida av tunnelen må folk flytte frå gard og grunn.

– Dei skal ha utbetalt erstatning i god tid før byggjestart, slik at dei rekk å flytte. Det er mest kritisk for dei som har einebustad som må rivast, seier Andreassen.

Vil ta vare på miljøet

Amdam må ikkje flytte på grunn av tunnelen, men ser føre seg å ta vare på og vidareutvikle eigedomen. I fjæra har han liggande det han meiner er det eldste posthuset i Sogn og Fjordane. Det ynskjer han å verne.

– Dette var grunnsteinen på heile kommunikasjonsnivået på den tida. Her var det tingstove, skule, post, telegraf, hestehage og alt mogleg. Båtane kom inn og dei frakta folk over fjellet, seier han.

– Det vil eg ha sikra. Det var difor eg kom her for 20 år sidan, avsluttar han.