NRK Meny
Normal

Misser gjester på grunn av vegstenginga

Det at Gudvangatunnelen er stengd skaper store vanskar for turistkommunen Aurland.

Øyvind Wigand

MERKAR FYLGJENE: Direktør Øyvind Wigand ved Fretheim Hotell i Flåm.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Hotelldirektør Øyvind Wigand ved Fretheim Hotell i Flåm seier det i første omgang skaper mykje ekstraarbeid.

– Vi må ta kontakt med gjester og spørje om dei kjem eller om dei slit med å kome seg hit no når Gudvangatunnelen er stengd. Vi hadde ekstra folk på jobb til seint i går kveld for å få løyst dei utfordringane.

– Kva tenkte du då du høyrde at det brann i Gudvangatunnelen?

– Det første var at eg håpa at det ikkje gjekk liv tapt. Så gjekk eg inn i praktisk modus og prøvde å løyse dei utfordringane ein slik tunnelbrann fører til for vår bedrift.

Brannbilar ved Gudvangatunnelen

STENGD I LANG TID? Gudvangatunnelen blir stengd i fleire veker.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Kanselleringar

Reiselivet i Aurland har prøvd før korleis det er å drive med ein stengd Gudvangatunnel. Dermed veit dei kva problem det fører til, seier Wigand.

– Det får konsekvensar for heile reiselivet i Flåm, Aurland, Gudvangen og Voss. Det vil føre til ein del kanselleringar fordi folk vil slite med å kome seg til Flåm. Vi driv og nokre bedrifter i Flåm som er avhengige av dagleg gjennomgangstrafikk. Der vil vi vurdere tidleg nedstenging eller nedjusterte opningstider.

Wigand seier at dei er svært fleksible med dei som vil avbestille hotellrom på grunn av vegstenginga.

Også ordførar Noralv Distad i Aurland er uroa over konsekvensane vegstenginga får for reiselivsbedriftene i kommunen.

– Store delar av næringslivet vårt vil få store tap, det hadde dei for to år sidan, og det same kjem til å vere tilfelle no. Men eg er glad for at the Fjords set opp ekstra avgangar på fjorden og aukar kapasiteten. Dei som kjem til området skal framleis få gode opplevingar, og dei skal bli tekne godt vare på.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.