Misser 40 elevar til Møre og Romsdal

Stryn vidaregåande skule kan få svi som følgje av at Hornindal byter fylke. 40 færre elevar gjer rektor bekymra.

Stryn vidaregåande skule

NEDGANG: Stryn vidaregåande skule står i fare for å misse 40 elevar som føljge av at Hornindal går til Møre og Romsdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Fyrst så er jo det trasigt at honndølene ikkje vil vere ein del av Sogn og Fjordane lenger og flyttar opp til Møre. Vi hadde jo håpa at dei ville slå seg saman med Stryn, seier rektor Anders Magne Bruvoll ved Stryn vidaregåande skule.

Stryn VGS har i vår 249 søkjarar på fyrsteval, og snart er den fyrste runden med opptak tll skulane ferdig. Samstundes syner tal som NRK har fått frå fylkeskommunen at 40 av elevane ved det nyleg avslutta skuleåret er frå Hornindal kommune.

Rektor uroa for følgjene

Forrige veke bestemte politikarane i Hornindal seg for å slå seg saman med Volda. Det betyr at det blir Møre og Romsdal fylkeskommune som får ansvaret for å gi eit opplæringstilbod til Hornindal. Regjeringa har sagt at samanslåingane skal vere fullført frå 1.1.2020. Det er uvisst kva som vert overgangsordningane for skuleelevane.

.

Avrøysting i Hornindal

AVGJERDA: Torsdag forrige veke bestemte Hornindal kommune seg for å slå seg saman med Volda.

Foto: Asgeir Heumdal Reksnes / NRK

Rektor Anders Magne Bruvoll er bekymra, og fryktar det kan få konsekvensar for tilbodet i Stryn.

– At det er så mykje som 40 elevar gjer oss bekymra absolutt. Viss dei som no er i Hornindal startar på skule i Møre så får det konsekvensar for oss, og for økonomien til fylkeskommunen.

Bruvoll håpar at elevane frå Hornindal ikkje er tapt for Stryn.

– Vi håpar jo at dei likevel vil halde fram med å gå her, det skal jo bli enklare etterkvart å gå på tvers av fylkesgrensene, og Stryn er trass alt den skulen som ligg nærmast Hornindal.

Vil krumme nakken

I dag er det seksti elevar frå Hornindal som tek vidaregåande utdanning. Av desse gjekk førti i Stryn sist skuleår, medan elleve gjekk på Eid vidaregåande skule som i år har 414 søkjarar på fyrsteval. Fire honndøler gjekk i fjor i Måløy som har 347 søkjarar, resten fordeler seg utover fylket.

Bruvoll seier det berre blir å krumme nakken, og satse på at det likevel vil kome elevar frå Hornindal. For tre år sidan kjempa skulen for å overleve.

– Skulane i Sogn og Fjordane er på topp i landet, og vi vil seie at vi har ein god skule her i Stryn. Vi får berre gjere oss endå betre, at vi blir så gode at alle har lyst å gå her, så får vi vel behalde honndølene og reknar eg med.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.