I ein fersk kronikk tek Venstre-ordførar i Eid Alfred Bjørlo eit kraftig oppgjer med sentraliseringa av statlege etatar. Bjørlo er kritisk til eiga regjering som han meiner ikkje gjer nok for å utnytte teknologien og flytte statlege arbeidsplassar ut frå dei største byane. Kronikken får mykje får støtte blant Venstre-ordførarar NRK har snakka med.
– Eg kjenner meg veldig igjen. Systema er i ferd med å ta frå oss arbeidsplassane ute i distrikta, seier Eivind Brenna, Venstre-ordførar i Vestre Slidre i Oppland.
– Ein overlèt til byråkratiet å sjølv organisere seg, og då blir desse stillingane sentraliserte.
– Har for mykje makt
Venstre-ordførar i Fjaler Gunnhild Berge Stang meiner embetsverket fort legg premissane – uavhengig av korleis politikarane prøver å ta grep. Ho nemner politireforma som eit døme.
– Eg meiner embetsverket og byråkratiet har for stor makt. Derfor har eg vore oppteken av regionreform og spreiing av oppgåver, og med det makt, seier ho.
Olav Kasland, Venstre-ordførar i Bø, synest Bjørlo har mange gode poeng.
– Han har nok heilt rett i at byråkratiet eller etatane er litt mykje på sjølvstyr og gjer sine vurderingar. Ofte er dei vurderingane, rasjonaliseringa og organiseringa, av sentraliserande effekt.
Kjenner seg att
Ingebjørg Winjum, Venstre-ordførar i Granvin, gir Bjørlo rett i at etatane har lite kontakt med lokalsamfunnet.
– Då blir det gjerne til at dei finn ut korleis det skal gjerast. Og då endar det ofte med ei sentralisering som kanskje ikkje er nødvendig. Det er jo slik at vitet stort sett er likt fordelt i landet, seier Winjum.
– Greier ikkje sjå heilskapen
I kronikken sparer Bjørlo heller ikkje sitt eige parti og regjering.
– Vi driv god politikk på mange område. Men det verkar på meg som Venstre, som andre reformpositive parti på nasjonalt nivå, ikkje greier å sjå heilskapen i det som skjer, seier Bjørlo til NRK.
Berge Stang vedgår at Venstre gjerne skulle lukkast betre.
– Vi fekk eit innblikk i kor krevjande dette er då vi heldt på med utflyttinga av statlege arbeidsplassar. Når embetsverket skal gjere sin del av jobben, så er det ein tendens at resultatet blir mindre ambisiøst enn først tenkt.
– Eid har kome godt ut
Sentralstyremedlem og statssekretær Sveinung Rotevatn, er ikkje heilt samd med Bjørlo.
– Eg er ikkje einig i verken at det er ei reform, bølge eller takras. Det er prosessar som er kontrollerte, og som vil gi betre tilbod til innbyggarane.
– No skjer det reformer innan politiet, NAV og Skatteetaten. I dei reformene har Eid kommune utan unntak kome godt ut og behalde arbeidsplassar, og fått ein viktig funksjon, seier Rotevatn.