Hopp til innhold

Vart nordisk meister, men er likvel ikkje nøgd

Trass i at Jantsen Øverås sikra seg tittelen som nordisk meister i vektløfting, er han ikkje nøgd med helgas innsats.

Jantsen Øverås

NORDISK MEISTER: Trass i gull er ikkje Jantsen Øverås heilt nøgd med helgas konkurranse.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg har balt med støten lenge, og eg syns det er på tide å sjå resultat. Eg deppar ikkje, for det var bra og nære på, og eg kjem nærare kvar gong, seier Øverås etter avslutta Nordisk meisterskap.

Øverås frå Tambarskjelvar, konkurrerer i 69 kilosklassa, og i konkurransen sette han også ny norsk juniorrekord i rykk med 115 kilo. Det er også tangering av gjeldande seniorrekord.

– Rykket er eg veldig fornøgd med, men ikkje støt. Eg har lurt på 140 kilo lenge, seier han om resultatet der han til slutt vart ståande med 132 kilo.

Her kan du sjå Øverås i støt frå ein tidlegare meisterskap:
(artikkelen held fram under biletet)

Jantsen Øverås frå Tambarskjelvar under landskamp i Naustdal mellom Norge, Sverige og England.

– Trenar ikkje for å ende opp med sølv

Heller ikkje lagkamerat Sindre Rørstadbotnen var nøgd med helgas meisterskap. I 94-kilosklassa vart han ståande med eit rykk på 129 kilo. I støt hadde han eit glimrande forsøk på 178, men dommarane var ikkje nøgde.

– Eg klarte å hente meg inn i støt, og hadde vekta over hovudet, men det vart underkjent. Eg vart veldig sjokkert når eg slapp ned stanga og såg at det ikkje var godkjent. Då gjekk eg frå glad til mindre glad på kort tid. Det kjendest litt urettferdig ut, for den eine dommaren sa etterpå at han vanlegvis ville godkjent det, for det var ein bagatell, fortel Rørstadbotnen.

Dermed enda han med eit resultat på 170 kilo, hadde han lukkast med forsøket sitt, hadde han vunne klassa. Rørstadbotnen hadde store forventingar til seg sjølv og innsatsen, og dermed så vart sølv eit nederlag.

Sindre Rørstadbotnen

KJEMPAR IKKJE OM SØLV: Sindre Rørstadbotnen er skuffa med andreplass i konkurransen, og vurderer å trekkje seg frå EM om resultata uteblir framover.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg er eigentleg veldig skuffa. Mange syns det er flott med sølv, men det er ikkje det som driv meg. Men, det er små marginar, og det er fort vinn eller forsvinn, seier Rørstadbotnen.

Vurderer å trekke seg frå EM

Rørstadbotnen meiner han har hatt mykje uflaks på dei siste stemna, og skal jobbe vidare med å forbetre forma fram mot EM på Kypros i november.

– Eg er kvalifisert til EM, og eg må bli betre fram mot det. Får eg ikkje meir framgang framover, så blir eg ikkje med til EM. Eg er grådig sterk, sterkare enn nokon gong, men eg har vore veldig uheldig i det siste, seier Rørstadbotnen skuffa.

Tambarskjelvar sikra seg tre medaljar under den nordiske meisterskapen, men ikkje alle var nøgde.

MEDALJEFANGST: Ei bronse, eit sølv og eit gull var fangsten deira under Nordisk meisterskap i vektløfting. Frå venstre: Sandra Trædal, trenar Gunnar Reiakvam, Jantsen Øverås og Sindre Rørstadbotnen

Foto: Privat

Også Øverås er kvalifisert til EM, som er sesongens store mål for junioren.

– Eg trenar mot det slik eg pleier mot vanlege stemne. Eg har eit system som eg veit fungerer. Så no er det berre å jobbe fram toppforma til den meisterskapen, seier Øverås.

God laginnsats

Under den nordiske meisterskapen sikra Sandra Trædal, også ho frå Tambarskjelvar, seg ein bronsemedalje. I 58-kilosklassa enda ho på 64 kilo i rykk og 78 kilo i støt. Marit Årdalsbakke frå same klubb deltok i 63-kilosklassa hadde ikkje hellet med seg, og vart ståande utan resultat i støt, og fekk opp 75 kilo i rykk.

Tambarskjelvar tok samanlagt sølv i meisterskapen, bak eit lag frå Finland. Av dei nordiske landa var det Noreg som totalt sett gjorde det best.