Dette er uheldig, seier leiar i Studentparlamentet, Vidar Fiskum. Han meiner det er to ulike utdanningsinstitusjonar, og då bør dei ikkje blandast i alt for stor grad. Men dei kan vere i same bygget, meiner han.
Kniving om leseplassar
Det første byggesteget for storprosjektet Fosshaugane Campus skal etter planen stå ferdig neste år. Og fleire leigetakarar skal inn i bygget - blant andre høgskulen og Sogndal vidaregåande skule. Men no fryktar studentane at det vil bli kniving om leseplassane, og at det på den måten kan skapast strid mellom dei to institusjonane.
Skal sjå på planløysinga
Høgskuledirektør Hans Jørgen Binningsbø seier heile formålet med Campus-prosjektet er at det skal vere eit samspel mellom fleire læringsinstitusjonar. Likevel forstår han innspelet frå Studentparlamentet. Han seier at dei to ulike skulane skal ha areal for seg sjølv, men at deler av det skal vere felles. Han vil sjå på om dei kan endre deler av planløysinga.