Hopp til innhold

Satsinga på blåskjel gjekk ikkje som planlagt - framleis optimisme på vegner av næringa

Storsatsinga på blåskjel i Sogn og Fjordane har ikkje gått etter planen, og i dag er det berre ti konsesjonar att i fjordfylket.

Blåskjell.

BLÅSKJEL: Blåskjela et reine algar i sjøen, og treng verken fôring eller medisinering. Det einaste er jamleg og godt stell, seier Lena Søderholm.

Foto: Skibstad, Kent / NTB scanpix

– Eg trur blåskjelnæringa i fylket opplevde det mange gjer, at det ikkje er noko tre som veks rett inn i himmelen, seier fagkoordinator i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Lena Søderholm, til NRK.no.

Millionar av kroner vart lagt på bordet for at næringa skulle bli berekraftig, men suksessen har late vente på seg.

– Det var kanskje ein optimisme som ikkje var forankra i verkelegheita, vedgår Søderholm.

Satsa millionar av kroner

Det var høgskulen i Sogn og Fjordane som først satsa på blåskjeldyrking og sette det på kartet i fylket. Det skjedde tilbake på 1980-talet.

Sidan har både fylkeskommunen og Innovasjon Norge bidrege med fleire millionar kroner over fleire år for å få næringa til å bli berekraftig.

I 2009 sa Vestlandsrådet at alle vestlandsfylka skulle vere leiande på utvikling og
kommersialisering av nye marine oppdrettsartar, mellom anna blåskjel.

Men satsinga vart ikkje som venta. Oppdrettarane forsvann, og blåskjel vart etter kort tid ikkje noko satsingsfelt likevel.

– Låge prisar og vanskeleg marknad

Lena Søderholm som er fagkoordinator i fylkeskommunen seier det er eit samansett bilete som fortel om kva som gjekk gale.

– Det var dårleg inntening på grunn av låge prisar. Og mykje av det som var produsert vart levert av nybegynnarar, så kvaliteten var litt ymse.

– Det viste seg også å vere vanskeleg å kome inn på den europeiske marknaden, seier ho.

For marknaden var der, og det var etterspurnad etter blåskjel. Men lenger sør i Europa ville dei heller ha blåskjel frå land og produsentar dei hadde handla med før, fortel Søderholm.

– I tillegg er dette ei volumnæring, der ein altså snakkar om produksjon i tonn. Det gjer det ganske vanskeleg å starte i det små, fordi alt utstyr og heile verdikjeda må vere på plass når ein skal starte opp.

(Artikkelen held fram under)

Blåskjell

TI KONSESJONAR: Det er berre ti konsesjonar for blåskjelproduksjon att i fjordfylket Sogn og Fjordane.

Foto: NRK / NRK

Berre ti konsesjonar att

I 2010 leverte ei arbeidsgruppe nedsett av Fiskeri- og kystdepartementet ein rapport, den viste tydeleg viste at det ikkje var pengar i å drive med blåskjel i Norge i liten skala. Næringa var kostnadstung og råda var klare, stordrift eller ingen drift.

Det er i dag registrert 10 konsesjonar i fylket, men så langt fylkeskommunen veit er det berre effektiv drift i dei i Sognefjorden og Dalsfjorden. I fjor var det til dømes hausta om lag 260 tonn blåskjel i Dalsfjorden. Desse skjela går stort sett til den norske marknaden, ein marknad som vil ha meir.

Søderholm har trua på at blåskjelnæringa i fylket har livets rett.

– Eg har alltid hatt trua, og vil alltid ha trua på blåskjelnæringa. Vi har eit fantastisk utgangspunkt for å produsere blåskjel i Norge, seier ho.

Optimist på vegner av næringa

Ho viser til at ein i Europa ser ein generell nedgang i akvakulturproduksjonen. Blant årsakene er manglande areal og dårlegare vasskvalitet.

– Skjela klarer seg sjølv i naturen, men det er kommersialiseringa som er ei utfordring. Heldigvis har vi att eit par aktørar i fylket, som starta tidleg på 90-talet og framleis held på, seier ho.

For at blåskjelnæringa skal leve vidare og eventuelt vekse er det fleire ting det bør fokuserast på, meiner ho.

– Samarbeid og gjensidig tillit hos alle i verdikjeda er viktig. Både hos dei som dyrkar, dei som kjøper og dei som eksporterer, seier ho.

– Dette var det dårleg med tidlegare, men no er det etablert god kontakt mellom dei aktørane som er att, seier ho.

– Vi må bli endå meir effektive

I tillegg må ein jobbe aktivt for å sikre at drifta blir så effektiv at det er råd å tene pengar, seier Søderholm.

– Norge er eit høgkostland på dei aller fleste måtar, og vi må bli endå meir effektive og endå flinkare til å produsere billig og effektivt i forhold til andre land.

– Blåskjel er eit produkt som folk og marknaden vil ha, og vi kunne ha produsert meir og levert alt vi produserte.