Hopp til innhold

Mislukka mekling om gruvedrift

Fiskeridirektoratet og kommunane Naustdal og Askvoll klarte ikkje å bli samde om den planlagde gruvedrifta i Engebøfjellet ved Vevring.

Steinbrotet i Engebøfjellet

GRUVEDRIFT: Nordic Mining sine planar om gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring utanfor Naustdal er svært omstridde.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

Usemja står om verknadane av ei eventuell gruvedrift, og i går mekla Fylkesmannen i Sogn og Fjordane mellom kommunane og direktoratet. Men det førte ikkje fram.

- Partane lytta til kvarandre. Men det kokte i grunn ned til at Fiskeridirektoratet slo fast at dei såg på dette som ei prinsippsak, og som ei prinsippsak kan dei ikkje fire på sine krav, seier fylkesmann Oddvar Flæte til NRK.

Omstridde planar

Selskapet Nordic Mining ønskjer å utvinne mineralet rutil i Engebøfjellet. Eit stoff som mellom anna vert brukt som kvitningsstoff i maling.

Men planane om gruvedrift er omstridde. Ikkje minst fordi planane inneber å dumpe overskotsmasse frå drifta i Førdefjorden.

Eit anna stridsspørsmål er sjølve naturinngrepet i Engebøfjellet, og frykta for at sprenging i gruva skal påverke fisken i fjorden.

Fiskeridirektoratet har lagt inn ei motsegn mot gruvedrift, med grunngjevinga at eit stort deponi av gruveslam i Førdefjorden ikkje vil vere bra for livet i fjorden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fylkesmann Oddvar Flæte

FØRTE IKKJE FRAM: Fylkesmann Oddvar Flæte prøvde mekle mellom Fiskeridirektoratet og kommunane Askvoll og Naustdal, men dei kom ikkje til semje.

Foto: Arve Uglum / NRK

Mislukka mekling

Både Naustdal og Askvoll, som begge er vertskommune eventuell gruvedrift ønskjer å arbeide vidare med planane.

Dei har difor bede Fylkesmannen om hjelp til mekling, men under meklingsmøtet i går klarte dei ikkje å bli samde.

- Fiskeridirektoratet meiner kunnskapsgrunnlaget ikkje er godt nok, og meiner fisken vil bli påverka i forbindelse med sprenging i fjellet, forklarar Flæte.

Striden kan ende i Regjeringa

Det kanskje mest omstridde spørsmålet, sjødeponiet, vert først tema i neste runde.

- Vi skriv no ein protokoll, som vert drøfta i kommunestyra. Deretter vert saka send over til Miljøverndepartementet med ei uttale frå vår side, før dei tek endeleg avgjerd, seier Flæte.

Saka skal også behandlast etter forureiningslova. Det vert gjort av Klima- og forureiningsdirektoratet, Klif.

- Men det kan ikkje skje før denne prosessen er avslutta. Dersom ein ikkje vert samde, endar saka i Regjeringa, seier Flæte.