NRK Meny

Misfornøgde med kommunereforma

Berre 22 prosent av lokalpolitikarane er fornøgd med korleis regjeringa har gjennomført kommunereforma, syner ei ny undersøking gjort av Kommunal Rapport. I all hovudsak er det politikarar frå regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet som seier seg "svært fornøgd" eller "ganske fornøgd" med gjennomføringa av kommunereforma. I alt svarar 3 prosent av dei spurde at dei er svært fornøgde, mens 19 prosent er ganske fornøgde med reforma. 26 prosent er ganske lite fornøgde, mens heile 50 prosent svarer at dei er "svært lite fornøgde".

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.